Sentrum i politikk

Når ein snakkar om politikk er sentrum ei skildring av kva for politisk retning ein person eller eit parti tradisjonelt sett høyrer til. Utanom sentrum snakkar vi, i tradisjonell politikk, òg om venstresida og høgresida.

Den første kjende inndelinga i ei politisk høgre- og venstreside finn vi i det første franske parlamentet (Etter den franske revolusjonen). Der vart dei mest «radikale» (dei som t.d. ville innføre allmenn røysterett for menn) plasserte til venstre for talarstolen og dei meir «konservative» (Dei som ynskte å bremse den revolusjonære utviklinga) plasserte til høgre for talarstolen. Dette har til dels vore malen for vidare bruken av inndeling i politisk høgre og venstre. Etter at inndelinga i høgre og venstre vart malen i europeisk politikk, dukka òg det meir uklåre uttrykket sentrum opp.

Kven er i sentrum endre

Sentrum-uttrykket er uklårt, men det som kjenneteiknar dei fleste sentrumsparti er at dei har ein politikk som går på tvers av både på høgre- og venstresida sin. Mange parti som vert plasserte i sentrum av politikken passar ikkje inn i den tradisjonelle høgre/venste-inndelinga. Parti i sentrum vert ofte plasserte i andre kategoriar av motstandardar.

Det som kjenneteiknar politikken til partia i sentrum er at dei vedkjenner seg ei eller anna form for kapitalisme med sosial kontroll. Sentrum vert såleis i nokon mon knytt opp til sosialliberalismen. Dei legg vekt på at enkeltmennesket sin fridom kjem gjennom ein aktiv stat som oppfordrar til privat initiativ. Kristeleg Folkeparti, Venstre og Senterpartiet er dei største partia som plasserer seg sjølve i sentrum i norsk tradisjon. Senterpartiet reknar seg sjølv som eit typisk sentrumsparti etter europeisk tradisjon, fordi det ikkje vedkjenner seg nokon grunnleggande isme og difor ikkje kan plasserast korkje på høgre eller venstresida i politikken. Venstre reknar seg sjølv som eit typisk sentrumsparti nettopp fordi det vedkjenner seg ein ideologi, sosialliberalismen, som dei ser som eit tredje alternativ til sosialisme og konservatisme.

I Noreg har det ved to høve vore skipa sentrumsregjeringar, regjeringa Korvald og den første Bondevik-regjeringa.

Symbolikk i sentrum endre

  • Fargen grøn er viktig symbolsk i sentrum. Den har seinare òg vorten nytta av miljøvernrørsler. (Dette har i sin tur ført til at tradisjonelle sentrumsparti fokuserer på miljø)
  • Firkløveren vert nytta av sentrumsparti i heile Europa. I denne samanhengen skal kvart av dei fire blada «leie mot sentrum» på kløveren. Til dømes har det norske partiet Senterpartiet ein firkløver til logo.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre