Eit passasjerfly er eit fly som har som føremål å frakta betalande passasjerar frå ein stad til ein annan. Passasjerfly vert eigd og drive av eit flyselskap som driv flyruter mellom ulike flyplassar innanlands eller utanfor landegrensene. Lengre distansar krev større passasjerfly enn korte distansar, der små fly er å føretrekkje. Ein snakkar difor om kortdistansefly og langdistansefly.

Eit SAS-passasjerfly ved Oslo lufthamn, Gardermoen

Mange passasjerfly kan raskt gjerast om til transportfly ved å ta ut sitjeplassane. På denne måten kan ein såleis frakte flypassasjerar om dagen og gods om natta.

Historie endre

Det første passasjerflyet ein kjenner er Sikorsky Ilya Muromets som frå 21. juni til 23. juni 1914 føretok ein rundreise frå St. Petersburg til Kiev på 14 timar og 38 minuttar ved berre ei landing[treng kjelde]. På grunn av den første verdskrigen vart flyet bygd om til bombefly i staden for å gå som rutefly som opphavleg var planen.

Bakgrunnsstoff endre