Paternosterheis er ein heistype der ein transporterer noko i ei sløyfe som går sakte rundt utan å stoppa. Til skilnad frå vanleg transportband eller rulletrapp går transporten to vegar. Det kan dreia seg om ei form for heis med boksar som går opp eller ned i kvar si sjakt. Denne typen heis vart oppfunnen i England i 1884. Det kan òg vera snakk om transportband med skuffar eller tynner eller i form av taubaner med råstoff ein veg og ferdigprodukt eller halvfabrikata i retur.

Paternosterheis ved Universitetet i Wien, NIG (Neues Institutsgebäude), bygd i 1950-åra.
animated scheme of a paternoster
animated scheme of a paternoster

Referansar endre

  • Denne artikkelen bygger på Paternosterheis på Wikipedia på bokmål, utgåva frå 20. februar 2018