Rulletrapp er eit transportmiddel med trappetrinn festa på eit elektrisk drive band som kan frakta brukarar opp eller ned mellom ulike nivå. Innretninga blei først teken i bruk i USA i 1896.[1]

Rulletrapper ved Den store moskeen i Isfahan.

Rulletrapper er vanlege der mange folk skal flytta på seg, som på undergrunns- og togstasjonar, kjøpesenter og stormagasin, hotell, stadion og andre offentlege bygningar.

Historie endre

 
Rulletrapper av tre ved Greenford stasjon i London.

Oppfinninga av rulletrappa blir tillagd amerikanske George Wheeler og Charles Seeberger, sjølv om Nathan Ames og Jesse W. Reno, som også var amerikanske, kvar for seg hadde teke patent på rulletrapper i 1859 og 1892, utan at desse nokon gong blei laga.[2][3] Charles Seeberger kjøpte patentet til Wheeler og vidareutvikla det. Han bygde ein prototype i 1899. Elles hadde ein laga ei rulletrapp utan trinn i London allereie i 1898.[4] Seeberger gjekk saman med heisprodusenten Otis og laga ei rulletrapp som vekte stor merksemd på Verdsutstillinga i Paris i 1900. Etter dette blei rulletrapper utbreidde, særleg i USA.

Verkemåte endre

 
Mekanismen i ei rulletrapp i Praha.

Rulletrapper har trinn danna av endelause band som blir drivne rundt av kjeder. Kvart trinn går til enden av trappa (toppen eller botnen) og går så under beltet.

Rulletrapper er bygd opp på den måten at det er hovudkjeder på begge sider langs heile rulletrappa som trinna er festa i. Hovudkjedene (som er like sykkelkjeder, berre rundt 20 gonger så store) går langs sidene av rulletrappa og snur i boge oppe og nede (øvre og nedre vendestasjon). Alle trinn er festa til kjedene med stor presisjon slik at rillene på trinna går inn i kvarandre for å unngå klemfare i form av å kunne få ein finger eller anna imellom. Trinna følgjer kjedene heile vegen rundt. Det er også ein drivkjede i øvre vendestasjon som er kopla til motor og snekke som trekker hovudkjedene og trinna rundt. Ein motor er på mellom 5 og 9 kW.

Bruk endre

 
Brukarar står på høgresida på denne rulletrappa i Umeda i Japan.

Sidan ei rulletrapp vanlegvis går ein veg heile tida, kan mange menneske bruka henne utan å måtta venta, bortsett frå når det er svært stor pågang. Nokre stader er det vanleg at ein stiller seg på ei side av trappa om ein skal stå i ro, slik at dei som vil gå i rulletrappa kan gå forbi. Dette er særleg kjend frå rulletrappene ved London undergrunnsbane.

Kjelder endre

  1. «rulletrapp» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Ames, N. (9. august 1859), Revolving Stairs, U. S. Patent 25076 
  3. Reno, Jesse W. (Mars 1892), Endless Conveyer or Elevator, U. S. Patent 47091815. 
  4. Lancaster, Bill. The Department Store: a Social History. London: Leicester University Press, 1995: 50.