Paton Peak
Paton Peak er det høgaste punktet, 740 moh, på Beaufort Island i Ross Archipelago. Det vart namngjeve av geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1958–59) etter James Paton, ein sjømann som reiste minst seks gonger til Rosshavet. Han tente først på «Morning», støtteskipet under Discovery-ekspedisjonen (1901–04), og var den første som gjekk i land på øya, då han gjekk over isen frå skipet, noko han ikkje hadde løyve til.
Paton Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Beaufort Island i Ross Archipelago | ||
• høgd | 740 moh. | ||
- koordinatar | 76°57′S 166°57′E / 76.950°S 166.950°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Paton Peak 76°57′S 166°57′E / 76.95°S 166.95°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Paton Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).