Patrouillen
Patrouillen var eit liberalt opposisjonsblad utgitt i Christiania i tida 1824-32. Størstedelen av tida kom det som vekeblad. Bak bladet stod Ludvig Mariboe, som sjølv skreiv det meste av det originale stoffet. Frå 1827 gav bladet utførlege referat frå forhandlingane i Stortinget, noko som til dess ikkje hadde vore gjort. Opplaget var i 1826 på 300 eksemplar.
Patrouillen | |||
Oppretta | 1824 | ||
---|---|---|---|
Nedlagd | 1832 |
Frå 1824 brukte Patrouillen oktavformat, men i 1828 blei dette endra til det meir avisliknande folioformatet.[1]
Kjelder
endre- ↑ Storsveen, Odd Arvid; historie (2010), Norsk presses (26. november 2024). «Patrouillen». Store norske leksikon (på norsk).
- Gyldendals store konversasjonsleksikon. B. 4 : M-R. Gyldendal. 1972. s. 2416. ISBN 8205002673.
- Norsk allkunnebok. 9. bandet. Fonna. 1959. s. 307.