Patuxentstraumen
Patuxentstraumen er ein brei isstraum i Antarktis mellom Patuxent Range og Pecora Escarpment i Pensacola Mountains, som flyt nordvestover til den øvre delen av Foundationstraumen. Han vart kartlagd av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og U.S. Navy (USN) sine flyfoto frå 1956-66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter plasseringa nær Patuxent Range.[1]
Patuxentstraumen | |||
isstraum | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Queen Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 85°15′S 67°45′W / 85.250°S 67.750°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Patuxent Ice Stream». Geographic Names Information System. United States Geological Survey. Henta 18. desember 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Patuxent Ice Stream» (innhald frå Geographic Names Information System).