Paul Hamm
Paul Elbert Hamm (fødd 24. september 1982) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Washburn i Wisconsin. Han vart verdsmeister i 2003 og olympisk meister i 2004.
Paul Hamm | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 24. september 1982 (42 år) Washburn |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Aktiv
endreHamm deltok i Sommar-OL 2000 og vart nummer 14 i mangekampen. I 2001 var han med i det USA-amerikanske mannskapet som vann sølvmedaljen i lagkampen i turn-VM, individuelt enda han på sjuandeplass i mangekamp. To år seinare gjekk han til topps i mangekampen då verdsmeisterskapen i turn fann stad i Anaheim, der han også vann gull i frittståande. Under OL 2004 i Aten sigra Hamm på ny i mangekampen, han fekk også sølv i svingstang og i lagkamp. Frå 2001 til -04 sanka han tre OL-medaljar og fem VM-medaljar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Hamm» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2021.