Pauline Scanlon
Pauline Scanlon er ein irsk songar frå Dingle i County Kerry. Ho syng irsk tradisjonsmusikk og nyskriven musikk.
Pauline Scanlon | |||
Fødestad | County Kerry | ||
---|---|---|---|
Opphav | Irland | ||
Sjanger | irsk folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Dingle høyrer til det irsktalade området i Irland, Gaeltacht.
Scanlon har sunge profesjonelt sidan ho var 15. Ho har turnert over heile verda saman med Sharon Shannon, og har opptredd på The Late Late Show på RTÉ. I 2003 var ho med på Sharon Shannon sitt album Libertango der ho song «A Case of You», ein song opphavleg skriven av Joni Mitchell.
Det første soloalbumet hennar, Red Colour Sun, kom ut på Daisy Label i 2004 (Compass Records i USA). Det blanda tradisjonell irsk musikk med moderne påverknad. I januar 2006 fullførte ho eit nytt prosjekt med Donough Hennessy saman med Darrell Scott, Kenny Malone, Stuart Duncan og andre. Albumet Hush komut 15. august 2006 på Compass Records.
Scanlon sang bakgrunnsvokal for Belinda Carlisle på Voila frå 2007, og for gælisk-americana-artisten Kyle Carey på albuma Monongah og North Star.
Tidleg i 2009 danna Scanlon og Éilís Kennedy ei gruppe dei opphavleg kalla Dingle White Females og seinare Lumiere. Gruppa gav ut debutalbumet Lumiere 11. september 2009 på Sony Ireland. Eit andre album, My Dearest Dear, følgde i mars 2013. Scanlon gav ut soloalbumet Gossamer i mai 2016.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pauline Scanlon» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2019.