County Kerry (irsk Contae Chiarraí) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.

County Kerry
Contae Chiarraí
Panorama from Torc Mountain (2) - geograph.org.uk - 777017.jpg
Våpen
Del av Irland
Hovudstad Tralee
Areal 4 746 km²
Folketal 139 616 (2006)
Folketettleik 29 / km²
Provins Munster
Bilnummer KY

County Kerry
52°10′0″ N 9°45′0″ W
IrelandKerry.png
Wikimedia Commons: County Kerry
Nettstad: www.kerrycoco.ie

County Kerry grensar til Limerick i vest, Cork i aust og i sør, og Atlanterhavet i vest og i nord. Shannon-estuaret ligg mellom Kerry og Clare i nordaust.

Administrasjonsbyen er Tralee. Det vart formelt oppretta som grevskap i 1606 då det gamle grevskapet Desmond vart delt i grevskapa Cork og Kerry.

Killarney nasjonalpark med Killarneysjøane og Dinglehalvøya er ein del av grevskapet. Han er kalla opp etter byen Killarney. Spissen på Dinglehalvøya er det vestlegaste punktet på det irske fastlandet. Dei høgaste fjella på Irland, Macgillycuddy's Reeks ligg òg i Kerry.

Kystlinja har ei rekkje halvøyar og store bukter, den største halvøya er Iveragh. Ring of Kerry er ei særs populær turistrute gjennom dette landskapet. Det finst ei rute for bil- og sykkeltrafikk, og ei for fotturistar som ligg høgare oppe i landskapet og følgjer eldgamle vegar.

Fleire øyar utanfor kysten høyrer til grevskapet, inkludert Blasketøyane og Skelligøyane. Skellig Michael, med sine einebuarhytter frå mellomalderen, er ein verdensarvstad.

Byar og landsbyar i County KerryEndra

Irske stadnamn står i parentes

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: County Kerry