Pavel Rostovtsev

Pavel Aleksandrovitsj Rostovtsev (fødd 21. september 1971) i Gus-Khrustalnyj i Vladimir oblast i Russland) er ein russisk skiskyttar. Han er tre gonger verdsmeister i skiskyting.

Pavel Rostovtsev

Pavel Rostovtsev RN MOW 05-11.jpg

Fødenamn Павел Александрович Ростовцев
Statsborgarskap Russland
Fødd 21. september 1971
Gus-Khrustalnyj
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's relay

Utmerkingar

Vennskapsordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Rostovtsev bur i Krasnojarsk. Han har konkurrert i verdscupen sidan 1995/96-sesongen. I 2000 vart han verdsmeister med det russiske stafettlaget i VM i Lahti. Året etter vann han sprinten og jaktstarten i VM i Pokljuka. I 2001/02-sesongen kom han på andreplass i verdscupen samanlagt. Sidan har han ikkje klard like gode resultat, og han har ikkje vunne verdscuprenn sidan 2001/02-sesongen. Han var med i den russiske troppen til Vinter-OL i Torino i 2006, der han var med å ta sølv med stafettlaget.

Kortfatta merittlisteEndra

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Beste plassering: 2. plass (2001/02)
  • Verdsmeisterskap:
    • 3 gull (2 individuelle), 6 sølv
  • Olympiske leikar:
    • 1 sølv (Beste individuelle: 5. plass (sprinten, 2002))
  • Verdscuprenn:
    • 6 gull, 12 sølv, 6 bronse