Paxí
Paxí (gresk Παξοί) er den minste av Dei joniske øyane. Faktisk er det greske namnet ei fleirtalsform som viser til ei heil gruppe øyar, der dei største er Paxós og naboøya Andípaxi.
Paxí Lokalt namn Παξοί | |
---|---|
Hamna på Paxí | |
Geografi | |
Stad | Det joniske havet |
Koordinatar | 39°12′N 20°10′E / 39.200°N 20.167°E |
Øygruppe | Dei joniske øyane
|
Areal | 19 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei joniske øyane Kérkyra |
Største busetnad | Gáios (706 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2 466 (2021[1]) |
Folketettleik | 129,8 /km² |
Paxí er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øyane administrativt til under periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane.[2]
I gresk mytologi danna Poseidon øya då han slo Kérkyra med gaffelen sin, slik at han og kona Amfitrite kunne få litt ro.
Geografi
endreØya er om lag 13 km lang. Vestkysten er dominert av bratte kalksteinsklipper med mange blå grotter, som ein kan nå med båt frå Gáios. Mykje av landskapet er framleis dekt av olivenlundar. Desse strekkjer seg frå Lákkas, hamnelandsbyen i nord, via Magaziá til Gáios, hovudbyen. Produksjon av olivenolje, såpe og fiske er supplement til turismen, som har vore hovudindustrien på øya sidan 1960-åra. På denne tida vart kysten rundt Gáios kraftig ombygd for å ta imot turistane. Det går dagleg ferjer og hydrofoilar frå Kérkyra og til Párga på fastlandet, i tillegg til sjøflysamband med Kérkyra by i turistsesongen. Stundom går det òg båt til Albania (feriebyen Saranda og den gresk-romerske busetnaden Butrint).
Historie
endreSjølv om øya har vore busett sidan førhistorisk tid, vert fønikarar rekna som dei første innbyggjarane på Paxí. Ein meiner at namnet på øya kjem frå Pax, som tyder «skifer» på deira språk.
Romarane styrte øya frå 200-talet fvt. og under perioden med austromersk styre og i mellomalderen vart øya stadig plyndra av sjørøvarar. Etter fleire herskarar og etter krosstoga var ferdig vart øya teken av Republikken Venezia mot slutten av 1300-talet.
Under napoleonskrigane vart Dei joniske øyane teke av Frankrike, så ein russisk-osmansk allianse, og til slutt av Storbritannia, som oppretta Den sameinte joniske unionen i 1815. I 1864, i lag med resten av Dei joniske øyane, vart Paxí ein del av Hellas.
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Gáios | 498 | 706 |
Oziás | 196 | 191 |
Lákka | 147 | 166 |
Bogdanátika | 135 | 132 |
Vlakhopoulátika | 102 | 130 |
Dei andre busetnadene på øya er:
|
|
|
|
Småøyar i kommunen:
- Andípaxi (21)
- Panajía (0)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paxi» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2007.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
endre- Turistinformasjon
- Offisiell side Arkivert 2009-09-08 ved Wayback Machine.