Pećka Bistrica
Pećka Bistrica (serbisk skrift Пећка Бистрица, albansk Bistrica e Pejës) er ei elv i Kosovo. Ho er ei 62 km lang sideelv til Kvite Drin frå høgre, og renn berre innanfor regionen Methojia sørvest i Kosovo.
Pećka Bistrica (Пећка Бистрица) Bistrica e Pejës | |||
elv | |||
Land | Kosovo, Montenegro | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 505 km² | ||
Lengd | 62 km | ||
Kjelde | Fjellet Mokra nær grensa mellom Serbia, Montenegro og Kosovo | ||
• høgd | 1 900 moh. | ||
Munning | Kvite Drin, sør for Klina i Kosovo | ||
Pećka Bistrica 42°34′53″N 20°34′06″E / 42.5815°N 20.5684°E | |||
Wikimedia Commons: Lumbardhi Pejës |
Namnet på elva, Bistrica, tyder «klårt vatn» på serbisk. Adjektivet Pećka, «av Peć», er lagt til for å skilje ho frå andre elva som heiter Bistrica i Metohija: Dečanska Bistrica («av Dečani»), Prizrenska Bistrica («of Prizren»), Kožnjarska Bistrica («av Kožnjar»), Loćanska Bistrica («of Loćan»).
Pećka Bistrica spring ut på austsida av Mokra nær grensa til Serbia og Montenegro i ei høgd på 1900 meter over havet. Det korte, men kraftige Pećka Bistrica har grave ut den imponerande Rugovakløfta mellom fjella Žljeb i nord og Koprivnik, ein del av Prokletijefjella, i sør. Kløfta er 23 km lang og opp mot 1000 meter djup.
Når elva renn ut av kløfta når ho byen Peć og ut i Metohija-låglandet, der ho renn resten av vegen. Ho renn ei stund parallelt til Kvite Drin i nord og Dečanska Bistrica i sør, før ho munnar ut i Kvite Drin sør for byen Klina.
Elva høyrer til nedslagsfeltet til Adriahavet, og har sjølv eit nedslagsfelt på 505 km².
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pećka Bistrica» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: