Peder Farup (27. september 18758. februar 1934) var ein norsk kjemikar og farmasøyt frå Larvik. Han var den første professoren i uorganisk kjemi ved Norges Tekniske Høgskole. Seinare hadde han ei sentral rolle i oppbygginga av farmasøyt-utdanninga ved Universitetet i Oslo.

Peder Farup

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1875
Død

8. februar 1934 (58 år)

Yrke kjemikar, farmasøyt

Kjøpmannsonen Farup vart cand.pharm. i 1897. Etter doktorgradstudiar i Tyskland arbeidde han nokre år på universitetet i heimbyen. Frå 1909 til -19 var han så professor i uorganisk kjemi ved NTH i Trondheim. Sidan var han 1925-31 professor i farmasøytisk kjemi ved Universitetet i Oslo. Til sist apotekar i Oslo.

Farup vart vide kjend for sitt banebrytande granskararbeid med titanmalmen i Noreg. I 1909 fekk han patent på eit fargestoff i titanen. Saman med Gustav Jebsen la han grunnen for den norske titanfargeindustrien, jamfør Titania A/S.

Kjelder endre