Pedersöre (finsk Pedersören kunta) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 10 406 og eit areal på 824 km², der 790 km² er land. Pedersöre grensar til kommunane Nykarleby, Kauhava, Evijärvi, Kronoby, Larsmo og Jakobstad.

Pedersöre
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Österbotten
Del av Swedish-speaking Ostrobothnia
Areal 824 km²
Språk svensk, finsk
Kart
Pedersöre
63°36′00″N 22°47′30″E / 63.6°N 22.791666666667°E / 63.6; 22.791666666667
Wikimedia Commons: Pedersöre

Pedersöre er ein tospråkleg kommune med svensk som majoritetsspråk (90 %) og finsk som minoritetsspråk (9 %).

Kommunesenteret ligg i Bennäs, men den største tettstaden er Kållby. Pedersöre er eit av dei eldste sokna i Österbotten. Byen Jakobstad, som vart grunnlagt på område til Pedersöre i 1652, har det finske namnet sitt Pietarsaari etter Pedersöre. Pedersöre kyrkje, soknekyrkja som vart bygd på 1300-talet eller seinast 1400-talet, ligg i det som i dag er nabokommunen Jakobstad.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre