Peer H. Staff

lege og orienteringsløpar

Peer H. Staff (fødd 9. august 1941) er ein norsk lege og tidlegare orienteringsløpar frå Oslo. Han vart nordisk meister i orientering i 1965 og noregsmeister i 1963. Han er far til Hanne Staff.

Peer H. Staff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1941 (82 år)
Idrett orientering

Medisin endre

Staff studerte medisin ved Universitetet i Oslo. Frå 1975 til 2001 arbeidde han ved Ullevål sykehus i 1975-85, siste 16 åra som avdelingsoverlege. Sidan var han 2001-08 medisinsk fagsjef i Tryg Forsikring. Staff var ein av grunnleggjarane av Norsk Idrettsmedisinsk Institutt.

Orienteringsløp endre

Staff, som var medlem i Nordstrand IF, vart norsk meister i orientering 1963. Året etter kom han på andreplass etter Stig Berge. Under den nordiske meisterskapen 1965 ved Hokksund sprang han inn til siger framom Berge og ytterlegare tre nordmenn. Dagen etter tok Staff seg av den tredje etappen for det norske mannskapet som vann stafetten.

Kjelder endre