Pellucid marginal degenerasjon

Pellucid marginal degenerasjon (PMD, keratotorus) er ei degenering av hornhinna. PMD er ein variant av keratokonus. Oftast opptrer PMD i begge augene, men det finst rapportar på tilfelle der sjukdomen berre råkar eine auget.[1] Sjukdommen vart oppdaga i 1957.[2] PMD er ein sjeldan sjukdom, men det er ukjent kor mange tilfelle som dukkar opp kvart år.

Symptom endre

 
Døme på skuggebilete slik dei kan opptre for ein person med PMD.

Synet vert gradvis forverra, ettersom hornhinna vert tynnare og endrar form. Hornhinna skal normalt ha jamn krumming, slik at lyset blir brote symmetrisk mot linsa i auget og vidare mot netthinna. Ved PMD vert hornhinna svakare, slik at forma vert meir kjegleforma. Synet blir dårlegare som følgje av at hornhinna får ei meir ujamn form, og dette fører til astigmatisme og skuggebilete. Synsforverringa kan bli svært alvorleg over tid.

Årsaker endre

Årsakene til at sjukdommen oppstår er ikkje kjende. Det er mogleg at det finst ein samanheng mellom PMD og sklerodermi.[3] Faktorar som rase, kjønn eller alder korrelerer ikkje med sjukdommen, sjølv om symptoma oftast oppstår i 20-40 års-alderend. 80 % av dei som får sjukdommen har ein IQ på over 130.[4][5]

Behandling endre

På grunn av at hornhinna vert tynnare, er behandlingar som LASIK og PRK ikkje mogleg. Synet kan ofte korrigerast ved hjelp av korrigerande linser, ofte med harde kontaktlinser med overrefraksjon. Pasientar som nyttar slike linser har stundom fått problem med blending og med kontrastkjensle, men det er uklart om dette kjem av hornhinnesjukdomen eller sjølve kontaktlinsa.

Intacs endre

Bruken av intacs implantat har vorte prøvd som behandling for PMD, med betring av synet etter elleve månader som resultat.[6][7]

Corneal cross-linking endre

Corneal cross-linking (CXL) er ei behandlingsform som ikkje bidrar til noko større synsforbetring, men låser hornhinna i den tilstanden ho er i ved behandlinga. Ved CXL vert riboflavin nytta saman med med UV-lys. Denna kombinasjonen forsterkar bindevevstrådane i hornhinna.

Kjelder endre

  1. Basak, Hazra; Bhattacharya, Sinha (2000). «Unilateral pellucid marginal degenerasjon» (på engelsk). Disha Eye Hospitals and Research Centre,. Henta 3. september 2007. 
  2. Karim Rasheed, MD (2005). «Pellucid Marginal Degeneration» (på engelsk). WebMD. Henta 3. september 2007. 
  3. Sii, Freda; Lee, Graham A.; Sanfilippo, Paul; Stephensen, David C. (2004-05). «Pellucid marginal degeneration and scleroderma». Clinical & Experimental Optometry 87 (3): 180–184. ISSN 0816-4622. PMID 15186210. doi:10.1111/j.1444-0938.2004.tb03172.x. 
  4. Patient-Point organization (2010) "Keratokonus"
  5. Eye Ultimate (2008) "Information Keratoconus: Cause, Symptoms and Treatment"
  6. Intacs (2005). «A new FDA approved option for keratoconus filling the gap between contact lenses and a corneal transplant» (på engelsk). Intacs. Arkivert frå originalen 9. august 2007. Henta 3. september 2007. 
  7. George D Kymionis M.D., Ph.D. (2003). «Intacs for early pellucid marginal degeneration» (på engelsk). Department of Ophthalmology, University of Crete. Henta 3. september 2007.