Refraksjon
Refraksjon er eit fysisk fenomen der ei bølgjerørsle endrar retning i overgangen frå eitt medium til eit anna. Ofte vert omgrepet nytta om lys, og det vert då kalla lysbryting.
Lysbryting
endreLysbryting er det optiske fenomenet ved at ein lysstråle skiftar retning i grenseovergangen mellom to stoff med ulik optisk tettleik.
I grenseflata mellom luft og vatn blir ein lysstråle broten slik at han blir brattare i vatnet enn i lufta, fordi vatn er eit optisk tettare medium (stoff) enn luft. Forklaringa på at ljoset blir slik brote, har å gjere med at ljoset forplantar seg raskare gjennom optisk tynnare stoff enn gjennom optisk tettare stoff, medan frekvensen til lysstrålen er den same. Bølgjelengda er kortare i vatnet enn i lufta, sidan forplantningssnøggleiken for ljoset er lågare i vatn enn i luft.
Sidan frekvensen til ljos av ein bestemd farge er konstant, må bølgjelengda minke når ljoset går frå eit optisk tynnare stoff (t.d. luft) til eit optisk tettare stoff (t.d. glas), fordi lyssnøggleiken då blir redusert. For «å få dette til», må lysstrålen endre retning. Kor mykje han endrar retning, er avhengig av
- fargen på ljoset: Lys med høgare frekvens (kortare bølgjelengd), t.d. fiolett eller indigo, vert brote meir enn ljos med lågare frekvens (lengre bølgjelengd), f.eks oransje eller raudt.
- vinkelen til lysstrålen i tilhøve til grenseflaten mellom dei to stoffa (t.d. lufta og vatnet): Di slakare strålen fell inn frå lufta i tilhøve til vassflata, dess meir vert han broten. Dette følgjer Snell-lova. Ein lysstråle som fell loddrett ned i vatnet, derimot, blir ikkje i broten i det heile.
Refraksjon
endreEit refraksjonsdiagram er ein type bølgjekart som viser korleis bølgjer vert bygde opp, blir påverka eller blir endra ved varierande vasstand, djupner, vind- og/eller straumforhold.
Refraksjon er eit omgrep som tyder bryting eller avbøying ved gjennomtrenging. Opphavleg vart det brukt om brytinga av ljoset gjennom atmosfæren. Horisontalrefraksjonen, er storleiken til refraksjonen (35ʹ) for ein himmellekam som står i horisonten.
Omgrepet blir brukt av augelegar, optometristar og optikarar som leitar etter brytingsfeil i auga. Éit hjelpemiddel i dette arbeidet vert kalla refraktometer.
Omgrepet vert brukt innan nautiske fag/meteorologi for å omtale bølgjedanningar. Omgrepet blir òg brukt innan radio/mobilkommunikasjon for å omtale feil/forstyrringar som skuldast at signal går gjennom bygningar og andre objekt. Det står i motsetnad til refleksjon (kor strålar eller bølgjer ikkje går gjennom eit objekt, men blir kasta tilbake).
Lysbryting og farge
endreFrekvensen til ljoset avgjer fargen til ljoset. Raudt ljos har ein frekvens på ca 430 THz (tera-hertz). I vakuum har det raude ljoset ei bølgjelengd på 700 nm (nanometer), noko kortare i luft, og ein god del kortare i vatn eller glas. Ljos med dei andre fargane, frå oransje til gult osb til fiolett har stadig kortare bølgjelengd og vert difor brote stadig meir. Fiolett blir brote mest, fordi det er den fargen som har kortast bølgjelengd av synleg ljos (ca 450 nm).
Brytingsindeks og nytta av han
endre- For meir om dette emnet, sjå brytningsindeks.
Kor mykje ljoset blir brote i glas eller andre gjennomsiktige stoff, varierer for ulike glastyper og stoff. For kvart stoff kan lysbrytinga karakteriserast ved eitt tal som ein kallar brytingsindeksen for stoffet. Denne kan målast. (Sjå «Bryting ved bølgjerørsle» nedanfor.) Ved å tilsetje andre stoff til glas, får ein fram glastyper med ulikt bryting. I den seinare tida er det utvikla tilsvarande plaststoff. Kunnskap om dette er viktig for utvikling av brilleglas som kan kompensere for fleire typar brytningsfeil på ein gong. Det same gjeld for kontaktlinser.
Meir komplisert er omrekningar og konstruksjon av linser til kamera, der regnbogekantar (fargefeil) ikkje skal finnast. Dette blir ordna ved å setje saman linser av ulike glas- eller plasttypar.
Ein interessant linsekonstruksjon er fresnellinsa som består av eit linseskal som er delt opp slik at konstruksjonen blir flatast mogleg og tek mindre plass. Denne finn vi i flate forstørringsglas og i hovudfyrlykter der lysstrålen skal vere retta og smalast mogleg.
Frekvens, lyssnøggleik og bølgjelengd
endreSamanhengen mellom frekvensen, bølgjelengda og lyssnøggleiken til ljoset er gjeven ved formelen:
der:
er frekvensen til ljoset
er lyssnøggleiken
(gresk bokstav lambda) er bølgjelengda
Bryting ved bølgjerørsle
endreBrytingslovene kan utleiast som ein eigenskap ved all bølgjerørsle (bølgjer på ein streng, lydbølgjer, radiobølgjer osv.) Snøggleiken til bølgja er avhengig av mediet sine eigenskapar (elastisitet, massetettleik, spenning, trykk, permittivitet m.m.). Når ein serie av bølgjer (eit bølgjetog) treffer eit medium med andre eigenskapar vil ein del av bølgjeenergien reflekterast som eit bølgetog med uendra bølgjesnøggleik og bølgjelengd. Resten av bølgjeenergien vil transporterast vidare som eit bølgjetog med ein annan bølgjesnøggleik (endra frå vi til vb), og dermed ei anna bølgjelengd. Bølgjetoget skiftar dermed retning. Den relative brytingsindeksen for to gjevne medium er lik det omvendte forholdet mellom bølgjesnøggleiken i dei to media (vb / vi).
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lysbrytning» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2012.