Opna hovudmenyen

Pendadáktylos (gresk Πενταδάκτυλος, tyrkisk Beşparmak) er den vestlege delen av fjellkjeda Kyrínia, ei lang og smal fjellkjede som går om lag 150 km langs nordkysten av Kypros. Namnet Pendadáktylos (stundom skrive Pentadactylos) vert av og til brukt synonymt med heile fjellkjeda Kyrínia. Både det greske og det tyrkiske namnet tyder «fem fingrar», og kjem av eit fjell nær den nordlege kystbyen Kerýnia (Girne) som har fem fingerliknande utspring.

Ein øydeleggande skogbrann i juli 1995 brende ned store skogområde og naturlege levestader i desse fjella.

Fjella har mange historiske borger og kloster, og mange turistattraksjonar.

Det finst mange segner om Pendadáktylosfjella. Ei fortel soga om ein innbilsk landsbybuar som vart forelska i den lokale dronninga, og bad om å få gifte seg med ho. Dronninga ynskte å verte kvitt denne uforskamma unge mannen, og bad han om å hente ho vatn frå ei kjelde ved Apostolos Andreas kloster i Karpas, ei farleg reise i dei dagar. Mannen drog i veg, og etter nokre veker kom han attende med litt av det verdifulle vatnet. Dronninga vart sjokkert då ho såg at han hadde lykkast, men ville framleis ikkje gifte seg med han. I reint raseri tømde mannen vatnet på ut på bakken og gjørma det resulterte i tok han opp i handa si og kasta mot hovudet til dronninga. Ho dukka og gjørmeklumpen segla avgarde og landa oppå toppen av Kyrenia, der ein den dag i dag framleis kan sjå dei fem fingrane til landsbybuaren.

Ei anna segn handlar om den bysantiske helten Digenis Akritas. Denne segna fortel at handa til Digenis Akritas greip om fjellet då han skulle klatre ut av sjøen for å frigje Kypros frå den saraceniske invasjonen.

KjeldeEndra