Josef Stiegler, kjend som Pepi Stiegler, (fødd 20. april 1937) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Lienz i Tirol som vart olympisk meister under vinterleikane 1964 i Innsbruck.

Pepi Stiegler
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 20. april 1937 (86 år)
Lienz
Yrke alpinist
Pepi Stiegler på Commons

Idrett endre

Stiegler fekk sitt gjennombrot då han vann kombinasjonen under Lauberhornrenna i Wengen, etter å ha vorte nummer to i både utfor og slalåm. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley få veker seinare tok han sølvmedaljen i storslalåm, fire tidels sekund bakom Roger Staub frå Sveits, og kom på femteplass i slalåm.

Vinteren 1964 lukkast Stiegler å vinne bronsemedaljen i storslalåm då vinterleikane vart arrangert i Innsbruck i Tirol. Her opplevde han høgdepunktet i sitt alpinliv då han kapra gullmedaljen i slalåm, sterkt utfordra av dei andre medaljevinnarane, Billy Kidd og Jimmie Heuga, begge frå USA.

Ymse endre

Stiegler utvandra til USA i 1965, der han i Jackson Hole i Wyoming dreiv ein skiskule frå 1967 til -94.

Han er far til den USA-amerikanske alpinisten Resi Stiegler som tevla på høgt internasjonalt nivå på 2000-talet.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar