Per Bangsund
Per Bangsund (4. juni 1950–1. november 2013) var ein norsk forlagsmann, journalist, forfattar og politisk aktivist.[1]
Per Bangsund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. juni 1950 |
Død |
1. november 2013 (63 år) |
Yrke | journalist, forlagsredaktør |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidernes kommunistparti |
Bangsund var aktiv i ml-rørsla, og var alt i gymnas-tida med på å starta SUF-lag i heimbyen Tromsø.
På 1970-talet arbeidde han i Oslo Sporvegar, og var tillitsmann i Oslo Sporveibetjenings Forening.[2] I 1978 byrja han som journalist i Klassekampen.[3] Der var han sentral i arbeidet med å avdekka og avsløra høyreekstreme, valdelege miljø i Noreg. Det var Bangsund som stod for kontakten mellom AKP(m-l) og politiet då partiet bidrog til å avsløra gjerningsmannen bak bombeattentatet mot Fagleg 1. maifronts tog i Oslo i 1979.
Først på 1980-talet hadde Bangsund gode kontaktar med Politiets tryggingsteneste, då han saman med kjende pressefolk som Geir Imset og Alf R. Jacobsen jobba med «gravejournalistikk» i Klassekampen.[4]
Etter tida i Klassekampen byrja Bangsund i Dagbladet, før han forlét journalistikken til fordel for forleggervirksomhet. Han arbeidde først i Tiden Norsk Forlag, før han gjekk over til Kagge Forlag der han vart forlagsredaktør. Seinare vart han sjefredaktør i forlaget Vigmostad & Bjørke.
Bibliografi
endre- Arvtakerne – nazisme i Norge etter krigen, Pax (1984)
- Bare trøkk på... fem emner fra hundre års aktivitet (1894–1994). Om Oslo Sporveiers Arbeiderforening. Bidrag sammen med Hans Andreas Fristad, Mona Jakobsen og Øistein Hølleland. Redaktør: Paal Iversen (1994)
Kjelder
endre- ↑ Per Bangsund er død fra Aftenposten
- ↑ Tron Øgrims «mappe» hos overvåkningpolitiet, dokument 47/4. Arbark.
- ↑ Alf Skjeseth: «Multitalent på spesialoppdrag», nekrolog i Klassekampen 8. november 2013.
- ↑ Alf Skjeseth: Sykle på vatnet. Historia om Klassekampen, side 87. Samlaget (2011) ISBN 978-82-521-7538-7
- Denne artikkelen bygger på «Per Bangsund» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2017.