Per Sandal (22. mai 194223. april 2005) var ein norsk historikar, forskar og forfattar. Han vaks opp på Breim i Gloppen, og var busett store delar av livet i Sogndal. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie i 1972 og arbeidde frå 1982 som førsteamanuensis ved Distriktshøgskulen i Sogndal (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane). Sandal synte tidleg interesse for lokalhistorie og han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 90-åra. I hovudfagsoppgåva tok han for seg økonomisk og sosial struktur i heimbygda Breim i perioden 1865–1910. I midten av 1970-åra gjekk han så laus på oppgåva med å skrive bygdeboka for Gloppen og Breim. Ho kom ut i til saman fem bind i tida 1978–2001 og blir rekna som eit føredøme i lokalhistoriesjangeren. Sandal fekk i 2003 Gloppen kommune sin kulturpris for verket.

Per Sandal
Fødd 22. mai 1942
Død

23. april 2005 (62 år)

Yrke skribent

Sandal spela ei sentral rolle i arbeidet med å byggje opp eit eige studium innanfor lokalhistorie i Sogndal frå 1970-åra og utover. Han skreiv fleire lærebøker, mellom anna Ættegransking (1980), Lokalhistorie (1983) og På leit etter slekta (1991), og han underviste sjølv i faget. Sandal la stor vekt på å verdsetje folkeleg historieengasjement, og å gi amatørforskarar påfyll med faghistorisk kunnskap og metode. I 1982–91 var han styremedlem i Landslaget for lokalhistorie.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1978 – Soga om Gloppen og Breim. Band 1. Frå dei eldste tider til om lag år 1800 (Sandane: Gloppen sparebank)
  • 1979 – Soga om Gloppen og Breim. Band 2. Frå om lag 1800 til vår tid (Gloppen: Gloppen sparebank) I fulltekst ved nb.no
  • 1988 – Soga om Gloppen og Breim. Band 3. Gardar og ætter : 1. Gimmestad sokn. 2. Hyen sokn (Sandane: Gloppen sparebank)

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre