Sogndalsfjøra

(Omdirigert frå Sogndal)
«Sogndal» omdirigerer hit. For kommunen, sjå Sogndal kommune.

Sogndalsfjøra er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sogndal kommune med 4 388 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Sogndalsfjøra
stad
Sogndalsfjøra sett frå Åberge.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Areal 2,1 km²
Folketal 4 388  (2024)
Folketettleik 2 090 / km²
Postnummer 6853 SOGNDAL
Innbyggjarnamn sogndøl
Preposisjon i Sogndalsfjøra
Ferdselsårer Sogndalsfjøra Sogndalsfjøra
Kart
Sogndalsfjøra
61°13′32″N 7°06′06″E / 61.225555555556°N 7.1016666666667°E / 61.225555555556; 7.1016666666667
Wikimedia Commons: Sogndalsfjøra

Namnet kjem truleg av elvenamnet, Sókn, som har samanheng med verbet «søkja», i tydinga 'gå på', det vil seia elva som fer hardt fram.[1]

Tettstaden ligg på vestsida av Sogndalsfjorden, ein nordgåande arm av Sognefjorden. I tettstaden møter riksveg 5 (Lærdal–Florø), riksveg 13 frå Hella og fylkesveg 55 frå Sognefjellet kvarandre.

Samfunn

endre

Sogndalsfjøra er eit skulesentrum med Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og folkehøgskule. Stiftinga Vestlandsforsking held også til her. Staden er elles eit viktig handelssenter for midtre og indre delar av Sogn. Her er også idretts- og symjehall i området rundt Fosshaugane Campus.

Sogndal Fotball, stifta 19. februar 1926, er ein viktig aktør og identitetsskapar i bygda. Klubben var sist på øvste nivå i 2017, og spelar no i OBOS-ligaen. Heimebana ligg på Fosshaugane Campus, og supporterklubben kallast Saftkokaradn. Namnet er henta frå Sogndal si over hundre år gamle hjørnesteinsbedrift, saft- og syltetøyprodusenten Lerum.[2] Lerum, som er den største norske produsenten av saft og syltetøy, hadde fabrikk i Sogndalsfjøra i perioden 1920–2018, før denne vart flytta til nabobygda Kaupanger.

Sogndalsfjøra har kontor for Sogn og Fjordane tingrett. Bygda har fleire hotell og monaleg turisttrafikk.

Det finst ein del gammal, verdifull bygningsmasse langs fjorden i sentrum. Nyare bustader ligg for ein stor del på austsida av fjorden. Sogndal lufthamn på Haukåsen ligg ti kilometer sør for tettstaden.

Sogndalsfjøra vert no til dels brukt om heile sentrumsområdet i Sogndal, men Fjøra var opphavleg området som ligg mellom Gravensteinsgata (riksveg 5) og fjorden, på nordsida av Sogndalselvi.[3]

Heilt nede ved fjordfjøra ligg Dampskipskaia, med ein liten kafe som har uteservering og matsal. Like ved går Fjordstien, som går langs fjordkanten i Sogndalsfjøra, og knyter saman sentrum på begge sider av Sogndalselvi med den nye Osenbrui.

Området på austsida av Sogndalselvi kallar ein Stedje. Namnet kjem av stedja, 'eng ved elvebreidd', som siktar til terrassane ved utløpet av Sogndalselva. Stedje gard er ein gammal adeleg setegard, som er nemnd første gong i Sverres saga.[1] Her ligg kyrkja i Sogndalsfjøra, Stedje kyrkje, på ein haug over bygda. Kyrkja vart oppført i 1867, og var teikna av Chr. Christie med nygotiske former og inspirasjon frå stavkyrkjene. Det var truleg kyrkje på Stedje allereie på 1000-talet. Ei stor stavkyrkje frå 1100-talet vart riven for å gi plass til dagens kyrkje.[4]

Folketalsutvikling

endre
Folketalsutvikling på Sogndalsfjøra
År Innbyggjarar
1865
  
420
1875
  
459
1890
  
441
1900
  
431
1910
  
522
1920
  
553
1930
  
553
1946
  
677
1950
  
626
1960
  
1 513
1970
  
2 202
1980
  
2 502
1990
  
2 683
2000
  
2 653
2011
  
3 334
2020
  
4 117
2024
  
4 388
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Klima

endre

Klimaet i Indre Sogn er vidt forskjellig frå Vestlandskysten. Årsnedbøren i Sogndalsfjøra er 1000 mm, altså litt meir enn i Oslo og rundt 40 % av Bergen. Vintrane er lengre og kaldare enn på kysten, og somrane varmare og turrare. Til liks med andre stadar inst i fjordar kan det bli svært varmt mellom fjella. Fram til midten av førre hundreår vart det til dømes dyrka tobakk både i Sogndal og andre nabobygder.

Bilete

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Sogndal». Store norske leksikon. Henta 20. mai 2025. 
  2. ««Velkomen til Saftkokaradn!» på Saftkokaradn.no».  Vitja 20. mai 2025
  3. Aage Engesæter. «Sogndalsfjøra»». Sogn og Fjordane Fylkesarkiv. Henta 13.desember 2009. 
  4. «Stedje kyrkje». Den norske kyrkja. Henta 20. mai 2025. 

Bakgrunnsstoff

endre