«Percy's Song» er ein song skriven av Bob Dylan. Han vart spelt inn under innspelinga av det tredje albumet hans, The Times They Are A-Changing i 1963, men ikkje nytta. Han vart ikkje offisielt gjeven ut før i 1985 på samlealbumet Biograph. I merknadane for albumet tilskriv Dylan den «vakre melodien» til Paul Clayton "[1][2][3] Han hadde spelt «The Wind and the Rain», ein variant av «The Twa Sisters».[4]

Dylan skreiv songen frå forteljaren sitt synspunkt.[1] Songen omhandlar ei bilulukke og ein mann dømd for uaktsamt drap og 99 år i Joliet fengsel. Forteljaren bed dommaren om å gjere om straffa til den dømde venen, fordi han meiner straffa er for streng. Dommen vert derimot ståande.

Joan Baez speler «Percy's Song» i filmen Don't Look Back[5].

Songen finst òg på The Genuine Bootleg Series: the Third One Now

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Bob Dylan, sitert i plateomslaget til Biograph, Columbia Records, 1985.
  2. Keys to the rain: the definitive Bob Dylan encyclopedia, Oliver Trager, Billboard Books, 2004, ISBN 9780823079742
  3. The formative Dylan: transmission and stylistic influences, 1961-1963, Todd Harvey, Scarecrow Press, 2001, ISBN 9780810841154
  4. «If There's an Original Thought Out There, I Could Use It Right Now: the Folk Roots of Bob Dylan», Matthew Zuckerman, 1997. [1], #14
  5. Bob Dylan: a descriptive, critical discography and filmography, 1961-1993, John Nogowski, McFarland, 1994 ISBN 9780899507859

BakgrunnsstoffEndra