Perejaslav
Perejaslav (ukrainsk Переяслав) er ein by ved Altaelva renn ut i Trubizj i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Perejaslav-Khmelnytskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Byen ligg kring 95 km sør for Kiev.
Perejaslav | |||
Переяслав | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kiev oblas | ||
Rajon | Perejaslav-Khmelnytskyj rajon | ||
Koordinatar | |||
Areal | 32 km² | ||
Folketal | 28 315 | ||
Folketettleik | 885 / km² | ||
Grunnlagd | 907 | ||
- grunnlagd 2 | 1585 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 08400–08409 | ||
Retningsnummer | +380 4567 | ||
![]() Perejaslav | |||
Wikimedia Commons: Pereiaslav | |||
Byen har kring 30 000 innbyggjarar (2012).
Historie Endra
Perejaslav-Khmelnytskyj har spelt ei viktig rolle i historia til Ukraina. Han vart første gongen nemnt i teksten Den kiev-austromerske avtalen med Austromarriket[1] (911) som Perejaslav-Russki, for å skilje han frå Perejaslavets i Bulgaria. Vladimir I av Kiev bygde i 992 ei stor festning her for å verne den sørlege grensa til Kiev-riket frå raida til nomadane frå steppene i det noverande sørlege Ukraina. Han var hovudstad i Fyrstedømet Perejaslavl frå midten av 1000-talet til han vart øydelagd av tatarar i 1239.
På andre halvdel av 1500-talet vart han eit senter for ukrainske kosakkar.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Pereiaslav» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Pereyaslav Khmelnytsky – a town of museums", Welcome to Ukraine Magazine, March 2007