Pericyttar er seller som finst kring kapillar-blodårer, der dei sit på endotelseller. Til liks med seller i vaskulær glatt muskulatur vert dei kalla muralseller. Pericyttar sender ut lange greiner kring blodårene og har ein dominerande sellekjerne med lite cytoplasma. Dei har evna til å trekkja seg saman.[1][2]

Pericyttar er synlege på dette elektronmikroskopbiletet kring ei lita blodåre med ei raud blodselle (E) inni

Pericyttar er viktige i opphavet av visse sjukdomar i sentralnervesystemet, som Alzheimer og slag. I pasientar med Alzheimer er det observert nedbryting av pericyttar ved blod-hjernebarrieren. Pericyttar er òg observerte i endra former og reduserte tal hjå diabetespasientar.[1][2]

Pericyttar regulerer betennelsesreaksjonen ved skade, spelar ei rolle ved danning av nye blodårer og kan regulera blodstrøyminga i blodårene dei sit på.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Van Dijk, Christian G.M.; Nieuweboer, Frederieke E.; Pei, Jia Yi; Xu, Yan Juan; Burgisser, Petra; Van Mulligen, Elise; El Azzouzi, Hamid; Duncker, Dirk J.; Verhaar, Marianne C.; Cheng, Caroline (2015). «The complex mural cell: Pericyte function in health and disease». International Journal of Cardiology 190: 75–89. PMID 25918055. doi:10.1016/j.ijcard.2015.03.258. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Thomas, Hannah; Cowin, Allison; Mills, Stuart (2017). «The Importance of Pericytes in Healing: Wounds and other Pathologies». International Journal of Molecular Sciences 18 (6): 1129. doi:10.3390/ijms18061129. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.