Opna hovudmenyen
Perlemorlag med perler som sit fast.

Perlemor (tysk Perlmutter, mellomalderlatin mater perlarum, 'mor til perla') er det indre laget av skalet til muslingar. Det består av ganske tynne, planparallelle lag skiftevis av conchiolin og kalkkrystallar. Ved lysbryting får det ein iriserande glans, som er sterkare jo tynnare og tettare laga er. Perlemor er blitt brukt til ei rekkje pyntegjenstandar og knappar. Materialet til dette får ein særleg frå perlemuslingar.

BileteEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne teknologiartikkelen som har med kunst å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.