Irisering
Irisering er refleks eller lysbryting i ei overflate, der det oppstår eit fargespel. Fargane blir endra etter vinkelen på lysbrytninga og fargane kan ha alle fargane i regnbogen. Irisering stammar frå gresk iris, som tyder regnboge.
Irisering kan framstellast kunstig. Slik kunstig irisering kan sjåast i glasur på keramikk og blir då kalla perlemorglans.
I naturen finst irisering, innvendig i perlemor i muslingar, av dette kjem namnet perlemorglans. Fleire insekt har fargar som irisederer. Vanlegvis finst det i den membrane delen av insektvengjer. Men òg vengjeskjel hos nokre sommarfuglar kan ha denne effekten. Irisering er òg vanleg i skjela på fisk. Eit kjent døme er regnbogeaure.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Irisering» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2013.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Irisering