Pernilla Wiberg
Pernilla Wiberg (fødd 15. oktober 1970 i Norrköping) er ein svensk alpinist. I 1990-åra var ho den mestvinnande kvinnelege alpinisten, og vann renn i alle disiplinar i verdscupen. Ho vann verdscupen samanlagt sesongen 1996/97, over 500 poeng føre Katja Seizinger på andreplass.
Pernilla Wiberg | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 15. oktober 1970 (54 år) Norrköping |
Yrke | alpinist |
Høgd | 161 centimeter |
Medlem av | Den internasjonale olympiske komitéen |
Nettstad | https://www.pernilla-wiberg.com/ |
Pernilla Wiberg på Commons |
Ho vart i 1991 tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje og Radiosportens Jerringpris fekk ho i både 1991 og 1992.
Meritter
endre- VM 1991 – gull i storslalåm
- OL 1992 – gull i storslalåm
- OL 1994 – gull i kombinasjon
- VM 1996 – gull i slalåm og kombinasjon
- VM 1997 – bronse i utfor
- OL 1998 – sølv i utfor
- VM 1999 – gull i kombinasjon, sølv i slalåm
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pernilla Wiberg» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2011.