Perpetuum mobile er latin, og tyder evig rørsle. Dette var namnet forskarar i tidlegare tider brukte til å betegne ein hypotetisk maskin, som skulle kunne gå til evig tid, utan at driv- eller brennstoff blir tilført. Meir folkeleg har han ofte vorte kalla ein eviggangsmaskin.

Det var fysikaren Clausius som foreslo at andre hovudsetninga i termodynamikken kunne formulerast i utsegna om at «det er umogleg å konstruere ein syklisk maskin som ikkje har nokon annan verknad enn å overføre varme frå ein kaldt til ein varmare lekam». Denne utsegna kunne då visast å vere einstydande med at perpetuum mobile er umogleg.

Ein eviggangsmaskin bryt òg med den første lova i termodynamikken som seier at mengda energi er konstant. Dette tyder at ei maskin kan ikkje gje ut meir energi enn han blir tilført.

Det var termodynamikken si store fortjeneste, at han kunne gje fred til alle dei forskarane som hadde via liva sine til å finne opp ein eviggangsmaskin, då det altså viste seg å vere umogleg. Dette har likevel ikkje stoppa folk i nyare tid frå å prøve. Spesielt kan nemnast Howard Johnson som i 1979 lukkast i å få patent US4151431 sine?vid=USPAT4151431 hos det amerikanske patentkontoret, for ein såkalla magnetmotor. Denne skulle utnytte ein kombinasjon av magnetar i ein rotor som skulle gje større kraft i ein rotasjonsretning enn i den andre. Det skulle slik bli skapt ein rotasjon utan tilførsel av energi.[1]

Ein kan tenkja seg ei «maskin» som aldri stoppar opp, til dømes ein romstasjon som roterer til evig tid. Dette er mogleg etter Newtons første lov, som seier at ein lekam held seg i ro eller i konstant rørsle dersom ingen kreftar virkar på han. Men romstasjonen brukar ikkje rotasjonen sin til å lage straum, overføre varme eller utføre andre arbeid, dette ville bryte med termodynamikken si første og andre hovedsetning. Når han ikkje kan gjere noko av dette kan han eigenleg ikkje kallast ei maskin heller.

Liknande argument kan førast for at superleiarar, der elektrisk straum kan sendast i ring til evig tid utan tap, ikkje kan brukast til å konstruere ein eviggangsmaskin.

Kjelder endre