Persienne (frå fransk av persien, frå Persia»')[1] er ein solskjerm som vert montert på innsida av eit vindauge for å sperra for innsyn og/eller sollys.

Persienne innanfor eit vindauge.

Persienner er laga av horisontale strimlar, vanlegvis laga av plast eller metall, og av og til òg av tre.[2] Den vanlegaste typen består av vassrette metallspiler opphengt i eit system av trådar. Spilene kan vridast for å justera lysmengden som vert sloppe inn, eller verta trekt opp slik at dei er ute av vegen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «persienne» i Nynorskordboka.
  2. «persienne». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018.