Gardin er forheng eller draperi som kan hengjast framfor eller rundt ei opning, som vindauge, dører eller i møblar. Dei blir brukt til å skugga for lys, hindra innsyn, strenga ute insekt eller trekk og isolera mot kulde eller lyd. Gardin er òg ein viktig del av innreiinga, og finst i ei rekkje ulike utformingar både i høve til materiale, samansetting og oppheng. Mange gardin kan opnast og lukkast, anten ved å dra dei langs opphenget, losna dei frå ei fortøying, heva eller senka dei med ein tråmekanisme, eller ved å rotera delane. Gardina kan henga frå tak til golv, dekka eit vindauge eller berre ein del av det, og ha fleire lag. Dei kan vera i laga i eitt stykke (t.d. rullegardin), vera delte på midten (typiske tøygardin), ha mange vassrette delar (persienner) eller mange loddrette (lamellgardin). Vanlege materiale brukte til gardin er tøy, tre, metall og plast.

The Seamstress (1916) av Joseph DeCamp. Måleri av ei sykvinne ved vindauge med lette tøygardin med rysjekantar, draperte til sidene med omtak.
Lamellgardin skugger for sola.

Ordsoge endre

Gardin kan vera hokjønns- eller inkjekjønnsord på nynorsk. Ordet har kome til norsk gjennom tysk Gardine, avleidd av fransk courtine som igjen kom frå mellomalderlatin cortina, 'forheng'. Det engelske ordet curtain er eit litt vidare omgrep som også omfattar tyngre draperi og seneteppe.

 
Den franske dronninga Maria Therese av Austerrike (ca. 1660) av Jean Nocret, måla ved eit fløyelsgardin.

Historie endre

 
Paar am Fenster (ca. 1815) av Georg Friedrich Kersting. Gardin drapert over og langs eine sida av eit vindauge.

Ein kjenner til bruk av gardin i velståande hus i Europa frå 1300-talet. Dei kunne brukast framfor senger, dører, veggar, måleri, speglar og vindauge. På 1600-talet fekk ein større glasvindauge, og gardin for desse blei meir vanlege. Gardin er kjende også i Noreg på denne tida, sjølv om dei ikkje blei tekne i bruk i alle lag av samfunnet.

 
Himmelseng frå rundt 1775 med gardin og gardinkappe.

Tidlege gardin var som ofast av tette stoff i enkle fasongar, med ein eller to tøybreidder til kvar opning. Frå andre halvdel av 1700-talet blei rullegardin og persienner tekne i bruk. Dette er ein effektiv blendingsgardin som gjorde at tøygardinane fekk ein meir dekorativ funksjon. Dei kunne ha frynsar, kvastar og rosettar. Frå rundt 1770 var det vanleg å drapera dei i bogar rundt vindauge, ofte usymmetrisk i høve til kvar vindauge for å danna ein effekt for heile veggen. Tidleg på 1800-talet var lette gardin i t.d. voile på mote, medan ein rundt 1840-åra føretrekte tyngre stoff som fløyel. I det neste tiåret blei stive gardinkapper og liknande teke i bruk øvst eller rundt kanten av gardina.

Frå midten av 1800-talet byrja ein skilja mellom gardin til sommar- og vinterbruk. Sommargardin var lette gardin av blonder, nett eller tyll. Til vintergardin kunne ein bruka tyngre gardin i til dømes ull. På 1900-talet blei gardina enklare att, og eitt fag på kvar side av vindauga blei vanlege. Det kom til nye opphengsmåtar og gardintypar, til dømes harde gardin på skinnar som kan rullast opp, ned eller sidelengs.

I norske bondeheimar var det ikkje vanleg å bruka gardin før på 1800-talet. Det har også vore mote å innreia rom utan gardin, til dømes på slutten av 1700-talet, i 1830-åra og rundt 1900.

 
Opphenging av bogekappe på stong med gardintrapp og hjelpar. Tyskland i 1955.

Ulike typar og delar endre

Gjennom tidene har stoffgardin festa øvst vore den vanlegaste gardintypen. Medan mange vil rekna sidegardin som «typiske» gardin, har også foldegardin og rullegardin vore brukt lenge. Persienner, plisse- og lamellgardin er hardare gardintypar som ofte er laga i andre materiale enn stoff. Panelgardin er faste panel laga av stoff, og er ein nokså ny gardintype. Gardin med særskilde føremål er myggnett og kjølegardin.

Til å festa gardin kan ein bruka gardinstong eller skinnar som det kan gli på. Stive gardin kan festast med oppheng på veggen. Gardinet kan ha krympeband øvst som blir fest til opphenget med hekter, eller kan festast direkte til ringar som glir på gardinstonga. Maljer er metallringar som er innsette i sjølve stoffet. Gardina kan også ha eigne sydde stroppar som går rundt gardinstonga.

Lange sidegardin heng frå toppen av vindauget eller opningen og dekkjer helt ned. Kappe dekkjer berre ein liten del av vindauget, og kan som regel ikkje dragast for og frå. Kapper heng gjerne øvst i vindauget kan brukast til å skjula øvste del av ein lengre gardin, eller dei kan brukast åleine eller både oppe og i midten, såkalla kafégardin. Ein variant er bogekappe, som er utforma slik at vindauget får bogeform.

For å halda gardin inntil sidene når dei er frådregne kan ein bruka omtak av stoff eller metall. Desse kan ha kvastar eller rosettar til pynt.

Døme på gardin endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gardin