Perth
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Perth (fleirtyding).
Perth er ein by i Australia og delstatshovudstad i Vest-Australia. Han har over 1,6 millionar innbyggjarar, rundt tre fjerdedelar av innbyggjarane i delstaten, og er den fjerde største byen i landet. Perth ligg langs breidda av Swan River, 15 km frå utløpet. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt og industriområde. Klimaet er mildt, subtropisk og solrikt.
Perth | ||
---|---|---|
![]() Foto: Dietmar Rabich Foto: Dietmar Rabich
| ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Australia | |
Grunnlagd | 1829 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 6 418 km² | |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik |
1 658 992 310/km² | |
Tidssone - Ved sommartid |
AWST (UTC+8) UTC+9 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://perth.wa.gov.au/ |
Perth-området var opphavleg folkesett av aboriginske noongarar. Byen blei grunnlagd av britiske nybyggjarar i 1829 på grunn av frykt for fransk kolonisering av området. I 1901 hadde han berre 36 274 innbyggjarar. Sidan 1950-åra har folketalet vokse mykje gjennom innvandring; først frå Sør-Europa, deretter frå Aust-Europa, Asia og Sør-Afrika.
Perth har petroleumsraffineri, stålverk, forbruks- og næringsmiddelindustri. Store delar av økonomien baserer seg på gruvedriften i Vest-Australia. Det finst to universitet her, det første grunnlagd i 1911 og det andre i 1975. Det finst ei katolsk og ei anglikansk domkyrkje her.
Kjelder endre
- «Perth – Australia» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Perth» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2011.
Bakgrunnsstoff endre
- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med Australia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.