Petaliósbukta
Petaliósbukta (gresk Κόλπος Πεταλιών, Kólpos Petalión), er ei bukt som strekkjer seg frå Sør-Évvia-bukta nær Ajía Marína til Makrónisossundet ved den nordlege enden av øya Makrónisos. Ho har ei lengd på 50-60 km frå nord til sør og ei breidd frå aust til vest frå om lag 6-8 km i nord til 40-50 km i sør. Av øyar i bukta finn ein Stýra i nord og Megalónisos og Khersonísi i aust.
Fjella dominerer kring bukta i nordvest, i sør og i nordaust, medan Mesójasletta ligg i vest. Det går ferjesamband mellom Rafína og Kárystos og mellom Marmári og øya Kéa. Det ligg mange strender og hamner i bukta.
Stader i bukta
endre- I Attikí
- Kalopígado, sør
- Vgéthi, sørvest
- Daskalió, sørvest
- Pórto Ráfti, vest
- Vravróna, vest
- Ártemis, vest
- Rafína, vest - med ei hamn og ei strand
- Néa Mákri, nordvest
- Ájos Pantelímonas, nordvest
- Skhiniás, nordvest
- På Évvia
Bakgrunbsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Petalies Gulf frå Engelsk Wikipedia .