Peter Schickele (fødd 17. juli 1935) er ein USA-amerikansk komponist, musikklærar og parodiker, mest kjend for komiske album med musikk han komponerte sjølv, men der han nytta pseudonymet P.D.Q. Bach. Han har òg hatt eit langvarig radioprogram kalla Schickele Mix.[1]

Peter Schickele

Peter Schickele, 2010
Fødd17. juli 1935 (88 år)
FødestadAmes i Iowa
DødsstadBearsville
AliasP.D.Q. Bach
OpphavUSA
Sjangeropera
Instrumentfagott
PlateselskapVanguard Records, Telarc International Corporation
Verka somkomponist, musikklærar, parodiker

Frå 1990 til 1993 vann han Grammyprisen fire år på rad for beste komiske album.

Schickele skreiv musikk for fleire visesongarar, mellom andre Joan Baez, som han orkestrerte og arrangerte tre album for i midten av 1960-åra.

Kjelder endre

  1. «Schickele Mix: The Lost Episodes». Yellowstone Public Radio. Arkivert frå originalen 25. juni 2015. Henta 16. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff endre