Peter Shilton

britisk fotballspelar

Peter Leslie Shilton (fødd 18. september 1949) er ein britisk-engelsk fotballspelar som vakta målet til England i 125 landskampar gjennom tjue år, 1970-90. Han spelte heile 1390 obligatoriske fotballkampar, meir enn nokon annan spelar. Shilton var i alle år aktiv i engelske fotballklubbar. Lengst teneste hadde han i Leicester City og Nottingham Forest, suksess opplevde han einast med laget frå Nottingham.

Peter Shilton
Shilton i desember 2008
Personleg informasjon
Fullt namn Peter Leslie Shilton
Fødd 18. september 1949 (74 år)
Fødestad Leicester i England
Høgd 183 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1966–1974 Leicester 286 (1)
1974–1977 Stoke 110 (0)
1977–1982 Nottingham Forest 202 (0)
1982–1987 Southampton 188 (0)
1987–1992 Derby 175 (0)
1992–1995 Plymouth 34 (0)
1995 Wimbledon 0 (0)
1995 Bolton 1 (0)
1995–1996 Coventry 0 (0)
1996 West Ham 0 (0)
1996–1997 Leyton Orient 9 (0)
Totalt 1005 (1)
Landslag
1970–1990 England 125 (0)
Trenar for
1992–1995 Plymouth
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Aktiv endre

Klubbspel endre

Shilton var målvakt i Leicester City frå mai 1966 til november 1972. Han deltok i 286 ligakampar for laget og stod i mål då klubben tapte FA-cupfinalen 1969 med 0-1 mot Manchester City. Etter knappe tre magre sesongar i Stoke City vart han i september 1977 overført til det Nottingham Forset, eit lag som vann den engelske ligaen i hans fyrste sesong. Der etter var Shilton med om å vinne ligacupen 1979 og europacupen både i 1979 og 1980. Frå sommaren 1982 spelte i fem sesongar for Southampton FC og så like lenge for Derby County, begge stadene utan nemnande suksess. Sidan 1992 hadde ei mislukka tid som spelande trenar i Plymouth, før han sleit reservebenkar i fem ulike klubbar i tida 1995-97.

Landslagsspel endre

Shilton fekk sin landslagsdebut i november 1970. Det neste tiåret stod valet om målvaktsplassen til det engelske landslaget mellom Shilton og Ray Clemence, som ofte veksla om å bere nummer 1-trøya. Inn i 1980-åra var Shilton det soleklare fyrstevalet og han var med i Englands-troppa til EM 1980, VM 1982, VM 1986, EM 1988 og VM 1990. Under verdsmeisterskapen i Italia spelte han sin 125. og siste landskamp då vertslandet i Bari slo England 2-1 i kampen om bronsemedaljane.

Merittar endre

  • Vinnar av Europacupen: 1979 og 1980 med Nottingham Forest
  • Ligameister: 1978 med Nottingham Forest
  • Vinnar av ligacupen: 1979 med Nottingham Forest

Kjelder endre