Peterhof (russisk Петерго́ф – Petergof - Peterhof, tysk for «Peterhoffet») er ein by i Petrodvortsovyj-distriktet i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved sørkysten av Finskebukta, rundt 30 km vest for sentrum av St. Petersburg.

Peterhof
Петергоф
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Peterhof
Byvåpenet til Peterhof


Plassering
Peterhof is located in Russland
Peterhof is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Grunnlagd
Bystatus
1705
1762
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2003)

64 800
Koordinatar 59°53′N 29°54′E / 59.883°N 29.900°E / 59.883; 29.900
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 198504
Retningsnummer (tlf) +7 812
Bilnummer 78
Peterhof-palasset og Den store kaskaden
Nattbilete av bustadområde i Peterhof

Byen har namnet etter palasskomplekset Peterhof, som byen er bygd opp rundt. Peterhof-palasset består av fleire palass og eit omfattande park- og hageområde. Det vart bygde etter ordre frå Peter den store og vert stundom kalla «Russland sitt svar på Versailles». Palasskomplekset inngår i verdsarvstaden St. Petersburg.

Byen er òg heimby for det eine av Statsuniversitetet i Sankt Petersburg sine to campus.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Peterhof