Petrópolis er ein by og kommune i delstaten Rio de Janeiro i søraustregionen av Brasil. Byen blei grunnlagt 16. mars 1843 og har ei folkemengd på 298 142 (per 2015). Staden blei brukt som residensby for Keiser Dom Pedro II og hoffet hans frå 1843, og det blei mellom anna bygd eit keisarpalass i byen. Petropolis ligg 830 meter over havet i fjella Serra dos Órgãos. Det gjer at byen har eit klima som er markert kaldare enn i Rio de Janeiro by.[1]. Rui Barbosa de Oliveira er gravlagd i byen.

Imperial-museet i Petropolis

Referanser endre

  1. «Emperor Street». World Digital Library. 1860–1870. Henta 14. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff endre