Petrovsk i Saratov oblast
Petrovsk (russisk Петро́вск) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Medveditsa, ei sideelv til Don, rundt 100 km nordvest for Saratov.
Petrovsk Петровск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Saratov oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1698 1780 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2005) |
33 300 | |
Koordinatar | 52°19′00″N 45°23′00″E / 52.31667°N 45.38333°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 412540 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 84555 |
Byen vart grunnlagd på slutten av 1600-talet som ein landsby. Han vart omorganisert til ei festning av Peter den store i 1698. Busetnaden rundt festninga vart kalla Petrovsk etter tsaren. Han fekk byrettar i 1780.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Petrovsk» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.