Organisasjonar i Harry Potter-serien

(Omdirigert frå Petter Pittelpytt)

Dette er ei samling av organisasjonar og lag i serien om Harry Potter av J.K. Rowling.

Dødsetarar endre

 
Mørkes merke.
 
Eit dødseter-kostyme, brukt i filmane.

Ein dødsetar (eng. Death Eather) er ein tilhengar av Fyrst Voldemort i J.K. Rowling sin serie om Harry Potter. Dei har mørkemerket på armen, som dei brukar til å kommunisere med.

Kjende dødsetere endre

Draco Malfang endre

For eigen artikkel, sjå Draco Malfang.

Severus Slur endre

For eigen artikkel, sjå Severus Slur.

Petter Pittelpytt endre

Petter Pittelpytt (opph. Peter Pettigrew) er ein liten, rotte-liknande mann som har kallenamnet Ormsvans. Han er ein Animagus og kan derfor forvandle seg til ei rotte.

Antonin Dolohov endre

Antonin Dolohov
Art Menneske og trollmann
Kjønn Mann
Hårfarge Svart
Augefarge Brun
Hudfarge Ljos
Galtvorthus Smygard (sannsynlegvis)
Lojalitet Fyrst Voldemort, Dødsetarar.

«Det var Antonin Dolohov. Eg- eg såg han torturere eit utal gompar og- og ikkje-tilhengarar av Fyrst Voldemort

-Igor Karkaroff snakkar om Dolohov under ei rettssak.

Antonin Dolohov er ein fiktiv person i J.K. Rowlings serie om Harry Potter. Han er ein trollmann og ein av dei originale dødseterane til Fyrst Voldemort. Han kjempa i Fyrste trollmannskrig og saman med fire andre dødsetere myrda han to mektige trollmenn, Perwett-brøra som er brøra til Molly Wiltersen. Etter dette vart han sett i Azkaban på livstid, men når Voldemort gjenoppstår og han i løyndom tek over Azkaban, rømmer han.

Bartemius Kroek jr. endre

Bellatrix DeMons endre

Bellatrix DeMons (opph. Bellatrix Lestrange), fødd Svaart, er ein dødsetar som vart plassert i Smygard då ho gjekk på Galtvort.Ho har ekstrem lojalitet til Fyrst Voldemort. Bellatrix sitt namn tydar «amasone» eller «krigerske», er (som mange andre medlemmer av familien Svaart) kalla opp etter ei stjerne. Ho er kusina til Sirius Svaart og Regulus Svaart, systera til Narcissa Malfang og Andromeda Dult og tanta til Nymfadora Dult. Bellatrix gifta seg med Rodolfus DeMons, bror av Radamsus DeMons. Innan den tida då ho hadde gifta seg hadde ho allereie blitt ein sadist. Eit år etter at Fyrst Voldemort var overvunne av Harry Potter, forsøkte dei tre, saman med Bart Kroek jr., å finne informasjon om kvar den overvunne sjela til Voldemort var å finne, ved å bruke «Martyriusforbannelsen» på Frank og Alinda Langballe. Offera deira vart sinnssjuke av torturen og for denne kriminelle handlinga blei dei fire dødsetarane dømde til livstid i Azkaban. J.K. Rowling har seinare avslørt at Bellatrix var forelska i Fyrst Voldemort. I filmatiseringa blir DeMons spelt av Helena Bonham Carter.

Andre:

  • Fenris Vargar
  • Igor Karkaroff
  • Krabbe Senior
  • Gurgel Senior
  • Radamsus DeMons
  • Rodolfus DeMons
  • Lucius Malfang

Føniksordenen endre

For den sentrale motstandsforeininga Føniksordenen, sjå eigen artikkel.

Humlesnurr-Legionen endre

Humlesnurr-Legionen blei grunnlagt av Harry Potter, Hermine Grang og Ronny Wiltersen i 1995 eller Harry Potter og Føniksordenen.

Medlemer i Humlesnurr-Legionen

Duellklubben endre

Duellklubben er ein organisasjon på Galtvort. Her lærer elevane på Galtvort å duellere og forsvare seg. Klubben blei oppretta boka Harry Potter og Mysteriekammeret då lærarane blir bekymra for tryggleiken til elevane sidan dei trur Mysteriekammeret er opna. I det fyrste møtet i duellklubben er det Gyldeprinz Gulmedal som leiar, med hjelp frå Severus Slur.

H.I.K.K. endre

H.I.K.K er ein organisasjon oppretta av Hermine Grang som står for «Husnissenes Internasjonale Kamp-Koalisjon». Den vart oppretta i den fjerde boka, men vart ikkje nemnt i filmatiseringa.

Den hodeløse jakten endre

Den hodeløse jakten er ei foreining for spøkelse som fekk hovudet sitt kutta av eller vart halshogd då dei døydde. Leiaren er Sir Parsifal Halleskum-Hestenfies. Nokre aktivitetar som føregår her er «hovudpolo», «hovudlaus bowling» og «hovudsjonglering på hesteryggen». Foreininga er meint som ein hobby.

Kjelder endre

Litteratur endre