Denne artikkelen handlar om bok-serien. For tema med relaterte namn, sjå Harry Potter (fleirtyding).

Harry Potter er namnet på helten i ein fantasyserie for barn og unge skriven av den britiske forfattaren Joanne Rowling mellom 1997 og 2007, og blir brukt som namn på heile serien, verda han føregår i og andre produkt knytte til han. Serien skildrar oppveksten og eventyra til den foreldrelause trollmannseleven Harry Potter og venene hans Ronny Wiltersen og Hermine Grang, som alle er elevar ved Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Historia handlar hovudsakleg om Harry sitt liv på skulen og hans forsøk på å overvinne den mørke trollmannen fyrst Voldemort, som har som mål å bli udødeleg, erobre trollmannsverda, undertvinge ikkje-magiske folk («gompar») og øydeleggje alle som står i vegen for han.

Harry Potter-logoen.
Britiske Harry Potter-bøker. Frå venstre til høgre: Halvblodsprinsen (bok nr. 6), Dødstalismanene (7), De vises stein (1), Mysteriekammeret (2), Fangen fra Azkaban (3), Ildbegeret (4) og Føniksordenen (5).
Tyrkiske Harry Potter-bøker.

Serien har sett fleire salsrekordar. I juni 2011 var talet på selde eksemplar av bøker i serien rundt 450 millionar, noko som gjorde han til den mestseljande serien i historia. Dei fire siste bøkene sette kvar rekord som dei raskast selde bøkene i historia. Bøkene er blitt omsett til 67 språk,[1] til norsk av Torstein Bugge Høverstad.[2]

Bokserien blei filmatisert av Warner Bros. delvis parallelt med bokutgjevingane, frå 2001 til 2011. Dei har blitt ein av dei største filmseriane gjennom tidene og Harry Potter merkevare er verdt i overkant av 15 milliardar US-dollar.[3] Det er også laga fleire Harry Potter-spel, utstyr, figurar og attraksjonar.

Handling

endre

Harry Potter-bøkene handlar om ein gut med namnet Harry Potter som finn ut at han er ein trollmann den sommaren han fyller elleve. Han byrjar på Galtvort, ein skule for unge hekser og trollmenn. Der han skal gå i sju år, og lære korleis han kan utøve magi på ein forsvarleg og lovleg måte. Kvar bok handlar om eit år i livet til Harry. Undervegs i bøkene finn Harry ut meir og meir om sin eigen bakgrunn, og om kvifor han er ein veldig spesiell gut. For sjølv i trollmannsverda er Harry berømt. Dei kallar han alle «guten som overlevde».

Ifølgje J.K. Rowling er eit av hovudtemaa i serien død:[4]

«Bøkene mine handlar mykje om dauden. Dei startar med dauden til Harrys foreldre, det er Voldemorts mål om å overvinne dauden og søker etter udødelegdom for kva som helst, noko som er målet for mange med magi. Så eg forstår kvifor Voldemort ynskjer å overvinne dauden. Me er alle redd for den.»

Akademikarar og journalistar har utvikla mange andre tolkingar av temaa i bøkene, nokon meir komplekse enn andre, og nokon som inkluderer politiske tema. Tema som normalitet, undertrykking, overleving og å overvinne mot alle odds har alle blitt betrakta som utbreitt i heile serien.[5] Tilsvarande tema som ungdomsåra og å «kome over sine mest grufulle opplevingar - og så kome overens med dei» har også blitt nemnd.[6] Rowling har uttalt at bøkene inneheld «eit langvarig argument for toleranse, ei langvarig bønn om ein slutt på fordommar» og som også formidlar ein bodskap om «å stille spørsmål ved myndigheit og ... ikkje anta at makta eller pressa fortel deg heile sanninga».[7]

Medan bøkene kan seiast å omfatte mange andre tema, til dømes makt og maktmisbruk, kjærleik, fordommar og fri vilje, er dei, som Rowling seier, «djupt fastlåst i heile handlinga». Forfattaren føretrekker å la temaa ha si «eiga utvikling», heller enn å sitte ned og bevisst forsøke å formidle slike idear til lesarane sine.[8] Langs dei same linjene er det alltid tilstedeverande temaet puberteten, der Rowling si skildring har vore målretta i å anerkjenne karakterane hennar seksualitetar og ikkje forlate Harry som «evig barn».[9] Rowling sa at for henne, syntest den moralske tydinga å vere «blendande openberr». Nøkkelen for henne var valet mellom kva som er rett og kva som er enkelt, «fordi det ... er slik tyranniet blir starta - med folk som er likegyldige og tar den enkle vegen og plutseleg finn seg att i store problem».

Bøker

endre
  1. Harry Potter og De vises stein (Originaltittel: Harry Potter and the Philosopher's Stone) (Harry Potter and the Sorcerer's Stone i USA)
    • Tida historia er lagt til: 1981, 1991 til 1992
    • Lansering: 26. juni 1997 (UK); 1. september 1998 (USA); 1999 (Noreg)
  2. Harry Potter og Mysteriekammeret (Harry Potter and the Chamber of Secrets)
    • Tida historia er lagt til: 1943, 1992 til 1993
    • Lansering: 2. juli 1998 (UK); 2. juni 1999 (USA); 2000 (Noreg)
  3. Harry Potter og fangen fra Azkaban (Harry Potter and the Prisoner of Azkaban)
    • Tida historia er lagt til: 1993 til 1994
    • Lansering: 8. juli 1999 (UK); 8. september 1999 (USA); 2000 (Noreg)
  4. Harry Potter og ildbegeret (Harry Potter and the Goblet of Fire)
    • Tida historia er lagt til: 1944, 1994 til 1995
    • Lansering: 8. juli 2000 (UK/USA); 2001 (Noreg)
  5. Harry Potter og Føniksordenen (Harry Potter and the Order of the Phoenix)
    • Tida historia er lagt til: 1976, 1995 til 1996
    • Lansering: 2003 (over heile verda)
  6. Harry Potter og Halvblodsprinsen (Harry Potter and the Half-Blood Prince)
  7. Harry Potter og dødstalismanene (Harry Potter and the Deathly Hallows)
    • Tida historia er lagt til: 1997 til 1998, (2017)
    • Lansering: 21. juli 2007 (engelsk utgåve, over heile verda)

Dei fyrste store utgjevarane av bøkene var Bloomsbury i Storbritannia[10] og Scholastic Press i USA.[11]

Bøkene blei så populære at bokhandlarar over heile verda heldt samtidige «lanseringsfestar» den dagen då Harry Potter-bøkene blei utgjevne. Det tidlegaste ein kunne selja bøkene var eitt minutt over midnatt GMT (Greenwich Mean Time).

Harry Potter-bøkene er omsett til fleire språk. På engelsk finst det ein tilpassa amerikanske versjon av bøkene. Dei norske versjonane er omsett av Torstein Bugge Høverstad.

Utdjupande bøker

endre

Dette er bøker J.K.Rowling har skrive, som utdjupar element ein finn i bøkene om Harry Potter. Desse er av den grunn ikkje ein del av den eigentlege bokserien.

Alle årstal er for britiske utgjevingar.

Filmar

endre
 
Daniel Radcliffe, som spelar Harry Potter.
 
Lokomotivet brukt til Galtvort-ekspressen i filmane.
For meir om dette emnet, sjå Filmserien Harry Potter.

Alle dei sju bøkene er blitt filmatiserte av Warner Bros.[12], men i åtte filmar, grunna at den siste boka, Harry Potter og dødstalismanene er delt inn i to filmar.[13]

Opphav og publiseringshistorie

endre
 
Forfattaren J.K. Rowling.
 
«The Elephant House», kaféen J.K. Rowling skreiv fyrste del av Harry Potter i.

J.K. Rowling var på ei folksam togreise frå Manchester til London i 1990 då ideen om Harry plutseleg «fall inn hovudet hennar». På nettsida si sa ho;[14]

«Eg hadde skrive nesten kontinuerleg sidan eg var seks år, men hadde aldri vore så oppglødd over ein idé før. Eg sat berre og tenkte, i fire (forsinka tog) timar, og alle detaljane bobla opp i hjernen min, og denne spinkle, svarthåra, guten med briller som ikkje visste at han var ein trollmann blei meir og meir verkeleg for meg.»

Rowling skreiv Harry Potter og de vises stein ferdig i 1995 og manuskriptet var sendt ut til fleire moglege agentar.[15] Den andre agenten ho prøvde, Christopher Little, tilbaud seg å representere henne og sendte manuskriptet til Bloomsbury. Etter at åtte andre utgivarar hadde avvist De vises stein, tilbaud Bloomsbury Rowling 2 500 britiske pund for å gi ut boka.[16] Rowling sa at ho ikkje hadde tenkt på noko spesiell aldersgruppe då ho byrja å skrive Harry Potter-bøkene, men utgivarane retta dei i utgangspunkt til born i alderen 9-11.[17] Like før publisering spurde utgivarane Rowling om å ta i bruk eit meir kjønnsnøytralt pseudonym. Dei frykta at mannlege medlemmar av denne aldersgruppa ikkje ville vere interessert i å lese ein roman som dei visste var blitt skriven av ei kvinne. Ho brukte bestemora sitt namn som mellomnamn ettersom ho ikkje hadde noko mellomnamn sjølv, slik at forfattarnamnet blei J.K. Rowling (Joanne Kathleen Rowling).[18]

Harry Potter og De vises stein (Harry Potter and the philosophers stone) blei publisert av Bloomsbury, utgivaren av alle Harry Potter-bøkene i Storbritannia, den 30. juni 1997.[19] Den blei gjeven ut i USA den 1. september 1998 av Scholastic som Harry Potter and the soceres stone, etter at Rowling hadde fått 105 000 US-dollar for dei amerikanske rettighetane til boka. Dette var ein stor sum for ei barnebok av ein då ukjend forfattar.[20] Scholastic frykta for at amerikanske lesarar ikkje ville assosiere ordet «Philosopher» ('filosof') med eit magisk tema, så dei insisterte på at boken skulle ha tittelen Harry Potter and the sorcerer's stone på den amerikanske marknaden.

Den andre boka, Harry Potter og Mysteriekammeret blei opphavleg publisert i Storbritannia 2. juli 1998 og i USA på 2. juni 1999. Harry Potter og fangen fra Azkaban blei deretter gitt ut eit år seinare i Storbritannia på 8 juli 1999 og i USA den 8. september 1999.[21] Harry Potter og ildbegeret kom ut 8. juli 2000 på same tid frå Bloomsbury og Scholastic.[22] Harry Potter og Føniksordenen er den lengste boka i serien på 766 sider i den britiske versjonen og 870 sider i den amerikanske versjonen.[23] Den blei publisert over hele verden på engelsk den 21. juni 2003.[24] Harry Potter og Halvblodsprinsen blei publisert 16. juli 2005, og selte 9 million eksemplar dei 24 fyrste timane i sin verdsomspennande utgiving.[25] Den sjuande og siste romanen, [[Harry Potter og Dødstalismanane, blei gjeven ut 21. juli 2007.[26] Boka selte 11 million eksemplar det fyrste døgnet etter lanseringa, 2,7 million eksemplar i Storbritannia og 8,3 million i USA.[27]

Omsetjing

endre

Serien er omsett til 67 språk,[1] noko som gjer Rowling blant dei mest omsette forfattarane nokon gong.[28] Bøkene er blitt omsett til ulike språk som aserbajdsjansk, ukrainsk, arabisk, urdu, hindi, bengali, walisisk, afrikaans, albansk, latvisk og vietnamesisk. Den fyrste boka er omsett til latin og til og med gamalgresk,[29] noko som gjer det til det lengste publiserte arbeid på gamalgresk sidan romanane av Heliodorus av Emesa frå år 300.[30]

Nokre av omsetjarane som var tilsett for å jobbe på bøkene var kjende forfattarar før arbeidet med Harry Potter, som Viktor Golyshev, som overvaka den russiske omsetjinga av seriens femte bok. Den tyrkiske omsetjinga av bok to til sju blei gjort av Sevin Okyay, ein populær litterær kritikar og kulturkommentator.[31] Grunna hemmeleghald, kunne omsetjinga berre starte når bøkene var blitt gjevne ut på engelsk. Dermed var det eit etterslep på fleire månader før omsetjingane vert tilgjengelege. Dette har ført til at fleire og fleire eksemplar av den engelske utgåva vert selt til utålmodige fans i ikkje-engelsktalande land. Så mange ville lese den femte boka at den engelskspråklege utgåva blei den første engelskspråklege boka nokon gong til å toppe bestseljarlista i Frankrike.[32]

USA-amerikanske utgåver av Harry Potter har kravd tilpassing av tekstar til amerikansk engelsk, ettersom ein rekna med at mange ord og omgrep brukte av karakterane i romanane kanskje ikkje ville bli like godt forstått av eit ungt amerikansk publikum.[33]

Fullføring av serien

endre
 
Folk står i kø for å kjøpe bok sju.

I desember 2005 sa Rowling på heimesida si at «eg kjem til å skrive den siste Harry Potter-boka i 2006.»[34] Fleire oppdateringar kom deretter i den direktekopla dagboka hennar som skildra framgangen til Harry Potter og Dødstalismanene , med utgivingsdato 21. juli 2007. Sjølve boka var ferdig 11. januar 2007 på Balmoral Hotel i Edinburgh, der ho skribla ein melding på baksida av ein byste av Hermes. Meldinga sa: «J.K. Rowling skreiv ferdig Harry Potter og Dødstalismanene i dette rommet (552) den 11. januar 2007».[35]

Rowling har sjølv uttalt at det siste kapittelet i den siste boka (faktisk epilogen) blei fullført «rundt 1990».[36] I juni 2006 sa Rowling på ein opptreden på det britiske talkshowet Richard & Judy at kapitlet hadde blitt endra ettersom ein karakter «fekk ei utsetting» og to andre som tidlegare hadde overlevd historia hadde blitt drepne. 28. mars 2007 blei omslaget for Bloomsbury sine vaksen- og barneversjonar og Scholastic si versjon lansert.[37]

Attraksjonar

endre

Det er utvikla eit stort moroparkområde knytt til Harry Potter i Universal Orlando Resort i Florida i USA, The Wizarding World of Harry Potter. Warner Bros. Studios i Leavesden i London i England held studioturar knytte til Harry Potter-setta sine. På Kings Cross stasjon i London er det sett opp ei halv baggasjetralle ved «Platform 9¾», perrongen Galtvort-ekspressen dreg frå i bøkene.[38]

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harry Potter

Norske sider

endre

Internasjonale sider

endre

Offisielle

endre

Uoffisielle

endre

Litteratur

endre
  • Beahm, George W. Muggles and Magic: An Unofficial Guide to J.K. Rowling and the Harry Potter Phenomenon.
  • Bürvenich, Paul. Der Zauber des Harry Potter: Analyse eines literarischen Welterfolgs. Peter Lang Verlag, 2001.
  • Chippendale, Lisa A. Triumph of the Imagination: The Story of J.K. Rowling. 2002, 2003.
  • Fraser, Lindsey. Conversations with J.K. Rowling. Arthur A. Levine Books, 2001.
  • J.K. Rowling's Harry Potter Novels: A Reader's Guide. Continuum International Publishing Group, 2001.
  • Lawrence, Daniel. The Ultimate Unofficial Harry Potter Trivia Book: Secrets, Mysteries and Fun Facts Including Half-Blood Prince Book 6.
  • Rowling, J.K. Fabeldyr og hvor de er å finne. Sagebrush, 2001.
  • Rumpeldunk gjennom tidene. Sagebrush, 2001.
  • Shapiro, Marc. J.K. Rowling: The Wizard Behind Harry Potter. St. Martin's Press, 2000.
  • Smith, Sean. J.K. Rowling: A Biography. Michael O'Mara Books, 1999.
  • Ultimate Unofficial Guide to the Mysteries of Harry Potter (Analysis of Books 1-4). No location: Wizarding Press, 2003.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. 1,0 1,1 «Rowling 'makes £5 every second'». British Broadcasting Corporation. 3 October 2008. Henta 17 October 2008. ; Dammann, Guy (18 June 2008). «Harry Potter breaks 400m in sales». London: Guardian News and Media Limited. Henta 17 October 2008. 
  2. www.nrk.no: – Harry Potter ga meg mye hodebry
  3. Thompson, Susan (2. april 2008). «Business big shot: Harry Potter author JK Rowling» Arkivert 2012-10-07 ved Wayback Machine. The Times (London). Henta inn 14. juli 2009]
  4. «'There would be so much to tell her...'» Henta inn 8.august 2012.
  5. Greenwald, Janey; Greenwald, J (Fall 2005). «Understanding Harry Potter: Parallels to the Deaf World» (Free full text). The Journal of Deaf Studies and Deaf Education 10 (4): 442–450. doi:10.1093/deafed/eni041. PMID 16000691.
  6. Duffy, Edward (2002). «Sentences in Harry Potter, Students in Future Writing Classes». Rhetoric Review 21 (2): 177. doi:10.1207/S15327981RR2102_03.
  7. «JK Rowling outs Dumbledore as gay». BBC News. 21. oktober 2007.
  8. «Interview with Steve Kloves and J.K. Rowling». Quick Quotes Quill. 28. juli 2008.
  9. «About the Books: transcript of J.K. Rowling's live interview on Scholastic.com». Quick-Quote-Quill. 16 February 1999.
  10. Bloomsbury: Harry Potter
  11. Scholastic: Harry Potter
  12. Warner Bros. heimeside, arkivert frå originalen 19. januar 2013, henta 7. august 2012 
  13. www.comingsoon.net: It's Official: Deathly Hallows Will be Two Films!, arkivert frå originalen 6. august 2012, henta 7. august 2012 
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. april 2006, henta 21. april 2006 
  15. Reuters: Final Harry Potter book set for release, arkivert frå originalen 1. november 2012, henta 8. august 2012 
  16. businessweek.com Henta inn 8.august 2012.; The Ivory Tower and Harry Potter: Perspectives on a Literary Phenomenon. University of Missouri Press. side 351.
  17. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. desember 2008, henta 8. august 2012 
  18. The Ivory Tower and Harry Potter: Perspectives on a Literary Phenomenon. University of Missouri Press. Side 351.; Telegraph: Harry Potter and the mystery of J K's lost initial. Henta inn 8.august 2012.
  19. «The Potter phenomenon». BBC News. 18 February 2003. Henta 27. september 2008.
  20. Rozhon, Tracie (21 April 2007). «A Brief Walk Through Time at Scholastic». The New York Times, p. C3.
  21. «A Potter timeline for muggles». Toronto Star. 14. juli 2007.
  22. «Speed-reading after lights out». London: Guardian News and Media Limited. 19. Juli 2000.
  23. Harmon, Amy (14. Juli 2003). «Harry Potter and the Internet Pirates». The New York Times.
  24. Cassy, John (16. Januar 2003). «Harry Potter and the hottest day of summer». The Guardian (London: Guardian News and Media Limited).
  25. «July date for Harry Potter book». BBC News. 21 December 2004; «Harry Potter finale sales hit 11m». BBC News. 23 July 2007.
  26. «Rowling unveils last Potter date». BBC News. 1. februar 2007.
  27. «Harry Potter finale sales hit 11m». BBC News. 23 July 2007.
  28. KMaul (2005). «Guinness World Records: L. Ron Hubbard Is the Most Translated Author». The Book Standard.
  29. Wilson, Andrew (2006). «Harry Potter in Greek». Andrew Wilson
  30. Castle, Tim (2 December 2004). «Harry Potter? It's All Greek to Me». Reuters.
  31. Güler, Emrah (2005). «Not lost in translation: Harry Potter in Turkish». The Turkish Daily News. Arkivert frå originalen 15. mai 2010.
  32. Staff Writer (1 July 2003).«OOTP is best seller in France — in English!». BBC News.
  33. «Differences in the UK and US Versions of Four Harry Potter Books». FAST US-1. 21 January 2008.
  34. «J.K.Rowling Official Site. Section: Welcome!». 25. desember 2005. Frå den originale den 30. desember 2005.
  35. «Potter author signs off in style». BBC News. 2. februar 2007.
  36. «Rowling to kill two in final book». BBC News. 27. juni 2006; «Harry Potter and Me». BBC News. 28. desember 2001.
  37. «Harry Potter and the Deathly Hallows at Bloomsbury Publishing» Arkivert 2014-08-10 ved Wayback Machine.. Bloomsbury Publishing; «Cover Art: Harry Potter 7». Scholastic. Henta frå den originale den 12. mai 2010.
  38. «Over 30 Pics from the New HARRY POTTER Platform 9 3/4 Shop at Kings Cross Station in London»