Peugeot 508
Peugeot 508 er ein bilmodell frå Peugeot som i 2011 avløyste både Peugeot 407 og Peugeot 607.
Peugeot 508 | |||
| |||
Produsent | Peugeot | ||
---|---|---|---|
Klasse | Mellomklassebil | ||
Forgjengar | Peugeot 407, Peugeot 607 | ||
Etterfølgjar | Noverande modell | ||
Relatert | Citroën C5 | ||
Tekniske data | |||
Breidde | 1 853 millimeter | ||
Høgd | 1456-1487 | ||
Motor | Bensin: 1,8−3,0 liter (85−155 kW) Diesel: 1,6−3,0 liter (80−177 kW) | ||
Akselavstand | 2 817 millimeter |
Opphavleg var planen at 607 skulle avløysast av ein komande Peugeot 608, medan 407 skulle avløysast av ein komande Peugeot 408. Likevel meddelte dåverande leiar i PSA Peugeot Citroën, Philippe Varin, i november 2009 at 508 ville avløysa både 407 og 607.
PSA Peugeot Citroën kjem òg til å produsera Peugeot 508 for den kinesiske marknaden i samarbeid med Dongfeng Motor. Saman planlegg dei å selja 65 000 bilar lokalt i 2012. Forventa lansering i Kina er i midten av 2011. [1]
508 kjem i dei same karosserivariantane som 407: 4-dørs sedan, 5-dørs stasjonsvogn (SW) og 2-dørs coupé.
Plattforma er den same som den som vert nytta på Citroën C5, og produksjonen vil skje på PSA Peugeot Citroëns fabrikk i Rennes i Bretagne.
Tekniske spesifikasjonar
endreModell | Sylindrar | Ventilar | Slagvolum cm³ |
Max. effekt / omdr. | Max. dreiemoment Nm / omdr. |
0-100 km/t sek. |
Toppfart km/t |
Byggeår |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Bensinmotorar | ||||||||
1.6 VTi | 4 | 16 | 1598 | 88 kW (120 hk) / 6000 | 160 / 4250 | 11,5 | 203 | 2011 − |
1.6 THP | 4 | 16 | 1598 | 115 kW (156 hk) / 6000 | 240 / 1400 | 8,6 | 222 | 2011 − |
Dieselmotorar | ||||||||
1.6 HDi | 4 | 8 | 1560 | 82 kW (112 hk) / 3600 | 240 / 1750 | 11,3 | 190 | 2011 − |
1.6 e-HDi | 4 | 8 | 1560 | 88 kW (120 hk) / 3600 | 270 / 1750 | 11,9 | 197 | 2011 − |
2.0 HDi | 4 | 16 | 1997 | 103 kW (140 hk) / 4000 | 320 / 2000 | 9,8 | 210 | 2011 − |
2.0 HDi | 4 | 16 | 1997 | 120 kW (163 hk) / 3750 | 340 / 2000 | 9,2 | 225 | 2011 − |
2.2 HDi | 4 | 16 | 2179 | 150 kW (204 hk) / 3500 | 450 / 2000 | 8,2 | 234 | 2011 − |
Utstyrsnivå
endre- Access (Sedan, SW)
- Active (Sedan, SW, Coupé)
- Allure (Sedan, SW, Coupé)
- GT (Sedan, SW, Coupé)
Motorar
endreMotorprogrammet er den same 1,6 liters 4-sylindra bensin rekkemotoren som den som er utvikla i samarbeide med BMW, og som i dag mellom anna sit i MINI, Peugeot 207 og Peugeot 308. Dieselmotorane er 4-sylindra rekkemotorar HDi-motorar på 1,6, 2,0 og 2,2 liter i oppdaterte versjonar tilpassa utsleppskrava i Euro V.
Bensin
endre- 1.6 VTi 88 kW (120 hk)
- 1.6 THP 115 kW (156 hk)
Diesel
endre- 1.6 HDi 82 kW (112 hk)
- 2.0 HDi 103 kW (140 hk) og 120 kW (163 hk)
- 2.2 HDi 150 kW (204 hk)
Referansar
endre- ↑ Dongfeng Peugeot Citroen to Release the 508 in Mid-2011, ChinaAutoWeb.com, 5/10-2010.