Philip Nikodem Jagielka (fødd 17. august 1982 i Sale i Stor-Manchester) er ein engelsk fotballspelar, som i 2014 spela for Everton i engelsk Premier League og for England sitt landslag.

Phil Jagielka
Personleg informasjon
Fullt namn Philip Nikodem Jagielka
Fødd 17. august 1982 (41 år)
Fødestad Sale i Stor-Manchester
Høgd 180 cm
Posisjon Forsvar, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Everton
Nummer 6
Ungdomsklubbar
Sheffield United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2007
2007-
Sheffield United
Everton
254 (18)
204 (6)
Landslag
2002-03
2008-
England U21
England
6 (2)
26 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Jagielka gjekk gjennom fotballakademiet til Sheffield United og ligadebuterte for klubben i 1. divisjon (nest høgste divisjon) 5. mai 2000. Han etablerte seg på førstelaget til Sheffield United i 2002/03-sesongen. I 2005/06-sesongen vart han kåra til årets spelar i den nest høgste divisjonen. Sommaren 2007 gjekk han til Premier League-klubben Everton for 4 millionar pund, det dyraste Sheffield United nokon gong hadde selt ein spelar for. Han vart kåra til årets spelar i Everton i 2008/09-sesongen.

Jagielka debuterte for England sitt A-landslag som innbytar i ein privatlandskamp mot Trinidad og Tobago 11. juni 2008.