Stor-Manchester
Stor-Manchester (engelsk Greater Manchester) er eit metropolitansk grevskap i Nordvest-England med kring 2,5 millionar innbyggjarar. Det omfattar eit av dei største storbyområda i Storbritannia og består av bykommunane Bolton, Bury, Oldham, Rochdale, Stockport, Tameside, Trafford, Wigan og byane Manchester og Salford. Stor-Manchester vart oppretta 1. april 1974.
Stor-Manchester | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Nordvest-England |
Areal | 1 276 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
2 573 200 2 016,6 /km² |
Etnisitet | 88,9 % kvite 6,5% sørasiatiske 1,7% svarte |
Distrikt | |
![]() |
Stor-Manchester grensar til Cheshire i sørvest og sør, Derbyshire i søraust, West Yorkshire i nordaust, Lancashire i nord og Merseyside i vest. Stor-Manchester byområde er det tredje mest folkerike i Storbritannia og dekkjer det meste av grevskapet.
Stor-Manchester grevskapsråd vart nedlagd i 1986 og sidan den gong har bykommunane i røynda vore sameinte styresmakter. Fleire tenester vert samordna i grevskapet gjennom Association of Greater Manchester Authorities.
Før grevskapet vart skipa vart namnet SELNEC nytta om dette området. Det stod for «South East Lancashire North East Cheshire». Stor-Manchester er sett saman av 70 tidlegare lokale distrikt frå dei tidlagere administrative grevskapa Lancashire, Cheshire og West Riding of Yorkshire og åtte sjølvstendige bykommunar..[1]
Bakgrunnsstoff Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Greater Manchester» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «A select gazetteer of local government areas, Greater Manchester County». Greater Manchester County Record Office. 31. juli 2003. Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 29. november 2009.