Phil Neal

britisk fotballspelar

Phil Neal, fullt namn Philip George Neal (fødd 20. februar 1951), er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå Irchester. Han var høgreback i det suksessrike Liverpool-mannskapet som i hans tid triumferte i fire europacupfinalar og vann åtte engelske ligameisterskap. Neal var den einaste spelaren som i tida 1977-85 deltok i alle Liverpool FC sine fem finalar i Europacupen for serievinnarar.

Phil Neal
Personleg informasjon
Fullt namn Philip George Neal
Fødd 20. februar 1951 (73 år)
Fødestad Irchester i England
Høgd 180 cm
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1968–1974 Northampton Town 187 (28)
1974–1985 Liverpool 455 (41)
1985–1989 Bolton 64 (3)
Totalt 706 (71)
Landslag
1976–1983 England 50 (5)
Trenar for
1985–1992 Bolton
1993–1995 Coventry
1996 Cardiff
1996 Manchester City (midlertidig)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Neal fekk sin ligadebut med Northampton Town i 1969. Han spelte 4.-divisjonsfotball til han i 1974 vart overført til topplaget Liverpool FC mot 65 000 pund. Frå ligadebuten i oktober månad var han fast på backplassen i ni heile sesongar. Neal viste seg som ein flink straffeskytar og nær halvparten av dei 41 ligamåla hans kom frå straffemerket. Etter 455 ligakampar for Liverpool fekk han hausten 1985 jobb som spelande trenar i 3.-divisjonslaget Bolton Wanderers. Sidan var han aktiv spelar i Bolton til 1989 og trenar til 1992.

Landslagsspel endre

Neal spelte 50 landskampar for England frå mars 1976 til september 1983. Han deltok i to kampar under EM i fotball 1980 og like mange i VM i fotball 1982. Fem gongar teikna han seg på skåringslista, to av måla var straffespark.

Merittar endre

  • Vinnar av Europacupen: 1977, 1978, 1981, 1984 med Liverpool
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1976 med Liverpool
  • Engelsk ligameister: 1976, 1977, 1979, 1980, 1982, 1983, 1984 med Liverpool
  • Vinnar av ligacupen: 1981, 1982, 1983, 1984 med Liverpool

Kjelder endre