Philharmonia Orchestra

Philharmonia Orchestra er eit britisk symfoniorkester basert i London. Det vart skipa i 1945 av Walter Legge, ein klassisk musikkprodusent for EMI. Blant dirigentane som arbeidde med orkesteret i dei tidlege åra finn ein Richard Strauss, Wilhelm Furtwängler og Arturo Toscanini. Herbert von Karajan, som aldri formelt var hovuddirigent her, var nært knytt til orkesteret i 1940-åra og tidleg i 1950-åra. Philharmonia vart kjend som eit av dei beste av dei fem symfoniorkestera i London i dei første to tiåra.

Philharmonia Orchestra
Gulsin Onay with conductor Esa Pekka Salonen.jpg
Philharmonia-konsert i 2011
AliasPhilharmonia
New Philharmonia Orchestra
OpphavLondon
Aktiv1945–
Sjangersoundtrack, populærmusikk, klassisk musikk
PrisarGrammy Award for Best Engineered Album, Classical, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra