Herbert von Karajan

Herbert von Karajan (eigenleg Heribert Ritter von Karajan[1], 5. april 190816. juli 1989) var ein austerriksk dirigent. Han er rekna som ei av dei mest framståande dirigentane gjennom tidene,[2] og er kjend for tolkingane sine av romantisk klassisk musikk og for å ha leidd Berliner Philharmoniker i ei årrekkje. Han skal vera den mestseljande innan klassisk musikk nokon gong, og skal ha selt rundt 200 millionar album gjennom karrieren[3] og ha stått for over 800 innspelingar.[4]

Herbert von Karajan
20210331225648!Herbert von Karajan 1963 retusche.jpg
Fødd5. april 1908
FødestadSalzburg
Død16. juli 1989 (81 år)
DødsstadAnif
FødenamnHeribert Ritter von Karajan
OpphavAusterrike
Aktiv1929–1989
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
PlateselskapDeutsche Grammophon
Verka somdirigent, sjefsdirigent, teaterregissør, filmregissør
MorMartha von Karajan
FarErnst von Karajan
Gift medElmy Holgerloef, Anita von Karajan, Eliette von Karajan
BornIsabel Karajan, Arabel Karajan
Prisaræresborger av Berlin, stort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, Grand Officer of the Order of Merit of the Italian Republic, Østerrikes æreskors for vitenskap og kunst, Ernst von Siemens’ musikkpris, Hans von Bülow-medaljen

Han var ein fargerik personlegdom og prega den internasjonale musikkscena i nærare 60 år. På same tid sat han i seks av dei viktigaste stillingane i internasjonalt musikkliv, blant dei leiar for Festspela i Salzburg, sjefsdirigent for Wiener Staatsoper og tilsvarande for Berlinfilharmonien.[1]

BakgrunnEndra

Karajan var fødd inn i ein overklassefamilie i Salzburg i Austerrike, der faren var kirurg og ekspert på handsaming av struma. Faren var svært musikkinteressert og spelte både piano og klarinett. Han var òg medlem av Salzburg kammermusikkselskap.[5] Slekta til faren kom opphavleg frå gresk Makedonia og hadde namnet Karajànnis.[1][6] I 1767 flytta tipp-oldefaren til Karajan, Geòrgios Johannes Karajànnis, som var fødd i Kozani som då låg i provinsen Rumelia (dagens Vest-Makedonia) og då var ein del av Det osmanske riket, fyrst til Wien og noko seinare til Chemnitz i Sachsen der han saman med broren bygde opp tekstilindustrien i Sachsen, med vekt på bomull.[5] For tenestene til kurfyrste Fredrik August I av Sachsen blei han adla 1. juni 1792, og som tysk-romersk adelsmann fortyska han då namnet til Karajan.[5] Han flytta seinare til Wien, der han døydde 2. juni 1813. Sonen hans, oldefar til Karajan, hadde høge stillingar innan embetsverket og i akademia, der han blei professor i 1850 i eldre tysk filosofi og historie ved Universität Wien. 11. juli 1869 blei han tildelt Leopoldsordenen. Både han og etterkommarane hans kunne då føya tittelen ritter og dessutan adelspredikatet von til namnet.[5]

Familien til mora, Kosmač,[5] var opphavleg frå Krain i dagens Slovenia, og far hennar Mihael Kosmač var fødd i Kranjska Gora.[7] Han var ein offentleg tenestemann i Graz, men døydde berre 46 år gammal då dottera, mor til Karajan, berre var tre år gammal.[5]

Broren Wolfgang (1906-1987) dreiv eit teknisk laboratorium i Salzburg, og leidde også Wolfgang von Karajans orgelensemble som han òg spelte i, saman med kona si. Dette var òg på verdensturne og hadde Bach som spesialitet.[5]

Dei første åraEndra

Karajan voks opp i Salzburg, og var eit vedunderbarn på piano.[8] Frå 1916 til 1920 gjekk han ved Mozarteum i Salzburg, der han blei oppmuntra til å studera konsertdireksjon. I 1926 tok han matura ved det humanistiske gymnaset i Salzburg, men i dei tre følgjande semestera studerte han maskin ved den tekniske høgskulen i Wien, samstundes som han studerte musikkvitskap ved Universität Wien. Frå 1929 studerte han klaver og dirigering ved Universität für Musik und darstellende Kunst Wien.

I 1929 debuterte han offentleg som dirigent, då han dirigerte Salome ved Festspielhaus heime i Salzburg. Frå 1929 til 1934 var han kapellmeister ved Stadttheater i Ulm i Tyskland.

I 1933 debuterte han ved Festspela i Salzburg og dirigerte musikken for Walpurgisnacht-scena i Max Reinhardt sin produksjon av Faust. Året etter dirigerte han Wiener Philharmoniker for første gong, også i Salzburg. Frå 1934 til 1941 dirigerte han opera og symfonikonsertar ved Stadttheater i Aachen.

I 1935 blei Herbert von Karajan utnemnd til yngste «Generalmusikdirektor» i Tyskland, og var gjestedirigent i Brussel, Stockholm, Amsterdam og andre byar.

I 1937 debuterte han med Berliner Philharmoniker og Staatsoper Unter den Linden med Beethoven sin einaste opera Fidelio. Han gjorde stor suksess med Richard Wagner-operaen Tristan und Isolde, og blei av ein kritikar kalla Das Wunder Karajan. Han fekk kontrakt med plateselskapet Deutsche Grammophon, der den første utgjevinga hans var ouverturen til Die Zauberflöte (Tryllefløyten) med Staatskapelle Berlin. Mellom 1938 og 1945 hadde han det prestisjetunge vervet å leia Staatsoper Unter den Linden.

Tilhøvet til nasjonalsosialismenEndra

Det har herska ei rekkje oppfatningar om Karajan sitt tilhøve til nasjonalsosialismen, og det herskar ulike oppfatningar om han melde seg inn i NSDAP av ideologiske eller av opportunistiske grunnar. Dette skjedde uansett i første halvdel av 1930-talet (kjeldene oppgjev ulike årstal), noko som blant anna sikra han stillinga som «Generalmusikdirektor» i Aachen og som opna mange karrieremessige dører for han fram til andre verdskrigen. Etter krigen blei derimot dette ein stor hemsko for han.[9]

I 1939 utførte han ein musikalsk tabbe unde ein gallaoppføring av Richard Wagner sin Die Meistersinger von Nürnberg. Til stade i publikum var ein rasande Adolf Hitler som forbaud Karajan å dirigera dei prestisjefylte Festspela i Bayreuth.

Tilhøvet til det nasjonalsosialistiske regimet forverra seg endå meir då han i 1942 gifta seg med Anna Maria «Anita» Sauest, fødd Gütermann, som hadde ein jødisk bestefar og var dermed var ein såkalla «kvartjøde» og mischling i den nasjonalsosialistiske klassifiseringa av menneske. Styresmaktene sette han under etterforsking, medan Karajan på si side prøvde å melda seg ut av partiet. Han påtok seg likevel nye dirigentoppdrag dei siste åra i det tyskokkuperte Europa, men frykta stadig for livet. Saman med kona flykta han i byrjinga av 1945 til Italia, først til Milano, deretter til Comosjøen.

I 1946 blei han frikjend av ein austerriksk domstol for fortida innan NSDAP, men den sovjetiske okkupasjonsmakta forbaud han i byrjinga å dirigera grunna den tidlegare partimedlemskapen hans. Fortida som ein profilert dirigent i Det tredje riket kom til å henga ved Karajan resten av livet. Blant anna blei han nekta innreise i Israel, og framståande jødiske fiolinistar som Isaac Stern og Itzhak Perlman nekta å spela for han.

EtterkrigsårEndra

I etterkrigsåra opplevde Karajan dei største triumfane sine. Han blei ein internasjonalt kjend «stjernedirigent». I 1948 blei han kunstnerisk leiar for Gesellschaft der Musikfreunde i Wien, og arbeidde blant anna med Philharmonia Orchestra i London. Han dirigerte òg ved La Scala-operaen. I 1949 innleidde han eit livslangt samarbeid med Luzern-festivalen.[10]

I 1951 og 1952 dirigerte han igjen ved Bayreuth Festspielhaus. I tillegg til ei omfattande turnéverksemd, opplevde han stor suksess som musikalsk leiar for ei lang rekkje innspelingar av klassisk musikk. Dei første etterkrigsåra hadde han kontrakt med EMI. Seinare fornya han sin kontakt med Deutsche Grammophon, og namnet hans blei etter kvart nærast synonymt med dette plateselskapet.

I 1955 etterfulgte han Wilhelm Furtwängler som musikalsk leiar på livstid for Berliner Philharmoniker. I ettertid er det særleg for dette samarbeidet han er hugsa. Saman turnerte dei verda over og skapte sensasjon med den spesielle musikalske klangen og vellyden sin. Dei gav ut ei lang rekkje klassiske plateinnspelingar som stadig blir rekna som uovergåtte av mange musikkjennarar.

Frå 1957 til 1964 var Karajan kunstnerisk leier ved statsoperaen i Wien. Han samarbeidde nært med Wiener Philharmoniker, Philharmonia Orchestra i London og La Scala i Milano. I samarbeid med Wien Philharmoniker grunnla han dei årvisse påskefestspela i Salzburg.

Karajan heldt fram ei intens dirigentverksemd heilt inn i det siste leveåret sitt.

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1961 – Österreichisches Ehrenzeichen für Wissenschaft und Kunst
  • 1968 – Æresborgar av Salzburg
  • 1973 – Æresborgar av Berlin
  • 1977 – Ernst von Siemens' musikkpris
  • 1978 – Æresdoktor ved Oxford University
  • 1978 – Æresborgar av Wien
  • 1981 – Gramophone Award to ganger: første gong for innspelinga av Gustav Mahlers niande symfoni og andre gong for dei samla innspelingane av Richard Wagners Parsifal
  • 1984 – Royal Philharmonic Societys gullmedalje
  • UNESCO International Music Prize.
  • Picasso-medaljen
  • Médaille de Vermeil, Académie française
  • Großen Bundesverdienstkreuzes av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden
  • 2002 – Herbert-von-Karajans musikkpris blei opprettet til hans ære og delt ut første gong året etter til Anne-Sophie Mutter, som hadde debutert med han i 1977.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Herbert von Karajan: A Life in Music av Richard Osborne.
  2. John Rockwell (17. juli 1989). «Herbert von Karajan Is Dead; Musical Perfectionist was 81». The New York Times. s. A1. 
  3. The Life and Death of Classical Music av Norman Lebrecht, s. 137.
  4. John Rockwell (22. juni 1986). «General Music Director of Europe». The New York Times. Henta 8. februar 2010. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 «Herbert von Karajan-Karajan Family». Karajan Family. Henta 8. februar 2010. 
  6. Current Biography Yearbook 1986 av H.W. Wilson Company.
  7. Branka Lapajne (4. april 2008). «The Shared Slovenian Ancestors of Herbert von Karajan and Hugo Wolf». Henta 8. februar 2010. 
  8. Artikkel om Herbert von Karajan på Encyclopædia Britannica
  9. John Rockwell (17. juli 1989). «Herbert von Karajan Is Dead; Musical Perfectionist was 81». The New York Times. s. A1. 
  10. Luzern-festivalens hjemmeside om Karajan-jubileet i 2008, arkivert frå originalen 2007-09-03, henta 27. desember 2021 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Herbert von Karajan