Prins Philip, hertug av Edinburgh
Philip (10. juni 1921–9. april 2021) var ektemannen til dronning Elizabeth II av Storbritannia, hertug av Edinburgh, prins av Storbritannia og tidlegare prins av Hellas og Danmark.
Philip | |||
| |||
Fødd | Philip Battenberg 10. juni 1921 Kérkyra i Hellas | ||
---|---|---|---|
Død | 9. april 2021 Windsor Castle | ||
Tittel | Hertug av Edinburgh | ||
Alle titlar | Hertug av Edinburgh Prins av Storbritannia Jarl av Merioneth Baron av Greenwich | ||
Fullt namn | Philip Mountbatten | ||
Hus eller slekt | Mountbatten, Hellas’ kongelige famile | ||
Gravstad | King George VI Memorial Chapel | ||
Land | Storbritannia | ||
Mor | Alice av Battenberg | ||
Far | Andreas av Hellas og Danmark | ||
Ektefelle | Elizabeth II av Storbritannia | ||
Barn | Kong Charles III av Storbritannia, Anne Mountbatten-Windsor, Andrew, hertug av York, Edward, jarl av Wessex | ||
Medlem | Royal Society Royal Microscopical Society Royal Society of Canada |
Philip Mountbatten, tidlegare Glücksburg, var opphavleg gresk statsborgar, med titlane prins av Hellas og Danmark. Han gav avkall på desse titlane og statsborgarskapet for å gifta seg med den dåverande prinsesse Elizabeth.
Seinare fekk han titlane hertug av Edinburgh, jarl av Merioneth og baron Greenwich. Han vart òg gjort til britisk prins.
Slekt
endrePhilip var det eldste gjenlevande tipp-tipp-oldebarnet til dronning Victoria av Storbritannia, så vel som den eldste gjenlevande etterkomaren hennar etter dødsfallet til grev Carl Johan Bernadotte av Wisborg 5. mai 2012. På grunn av avstamminga frå den britiske kongefamilien var prins Philip òg med i arverekkjefylgja til den britiske trona.
I juli 1993 stadfeste britiske forskarar, gjennom DNA-analysar av blodet til prins Philip, at dei kunne stadfeste identiteten til restane av fleire medlemer i familien til keisarinne Aleksandra av Russland, fleire tiår etter massakren av bolsjevikane i 1918. Prins Philip var då éin av to levande oldeborn frå den kvinnelege lina etter Aleksandra si mor, prinsesse Alice av Storbritannia. Den andre var systera hans, prinsesse Sophie av Hellas og Danmark, som døydde i 2001.
Titlar og tiltaleformer
endre- 10. juni 1921–18. mars 1947: Den Høgvørde Prinsen Philip av Hellas og Danmark
- 18. mars 1947–19. november 1947: Løytnant Philip Mountbatten
- 19. november 1947–20. november 1947: Den høgvørde sir Philip Mountbatten
- 20. november 1947–22. februar 1957: Den høgvørde hertugen av Edinburgh
- Frå 22. februar 1957: Den høgvørde prins Philip, hertug av Edinburgh, jarl av Merioneth, baron Greenwich
Ordenar og utmerkingar
endreI 1952 vart han tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.