Philippe Verdelot

fransk komponist

Philippe Verdelot (14801530) var ein fransk komponist som levde det meste av livet sitt i Firenze, og er kalla «Madrigalens far» (ei nemning han deler med Constanzo Festa). Verdelot var og aktiv i lokal politikk, og skreiv mellom anna musikk til tekster av Niccolo Machiavelli. Han skal ha mist livet under Omlegringa av Firenze i 1430.

Philippe Verdelot

FødestadVerdelot
Død1552
DødsstadFirenze
OpphavFrankrike
Sjangerklassisk musikk, kyrkjemusikk
Verka somkomponist, korleder

Liv endre

Ein veit ikkje stort om ungdomsåra til Verdelot. Han vart fødd i Les Loges i Frankrike, men kom tidleg til Italia, der han budde resten av livet. Den første tida har han truleg vore i Venezia, men kom sidan til Firenze, der han vart kapellmeister. I 1526 arbeidde han i lag med Machiavelli om skodespelet La Mandragola, der Verdelot tonesette songane. Desse songane er rekna som dei tidlegaste innanfor madrigalsjangeren.

Politisk stødde Verdelot opp under den florentinske republikken, men næra og sympati for Girolamo Savonarola. Då Machiavelli vart tvungen i eksil, reiste Verdelot etter. At han stødde opp under Savonarola er kjend frå salmeutsetjinga In Domine Speravi, ein salme som var grunnlag for den siste preika Savonarola heldt før han vart brend. Det er rekna med at Verdelot miste livet i Omlegringa av Firenze i 1530, eller i pestbølgja som følgde snart etter denne. Nokre har rekna det som truleg at Verdelot kom seg unna og rømde til Venezia, der dei skal ha funne far etter han i 1540. I tiåret etter 1530 vart det prenta ei rekkje madrigalsamlingar etter han. Opplysningar om at han var daud med visse, finst i eit skrift frå 1552.

Verdelot er rekna som far til madrigalen, og skreiv oftast i ein oversiktleg homofon stil, med nokre polyfone innslag, og lite av ordmåling. Dei fleste songane hans er for fem eller seks stemmer. Han skreiv og nokre motettar og messer. Songane hans vann stor åtgaum på grunn av prentekunsta, og vart spreidd over heile Europa.