Madrigalar er fleirstemmige songar som var ovende populære i den europeiske renessansen1500-talet. Denne musikalske sjangeren skal ha oppstått i eit kulturmøte mellom nordlege musikalske straumdrag frå den flamske skolen og folkeleg italiensk song, særleg i området kring Firenze. Den nye interessa for italiensk språk som hadde vakse fram gjennom humanismen i Italia i hundreåret før, sette òg interessa for verdsleg song i sving.

Madrigalen fekk stor utbreiing i løpet av 1500-talet, ikkje minst på grunn av den nye prentekunsta, som gjorde det mogleg å spreie musikk og notar til massane på nye og raskare vis.

Oppkoma endre

Det er hevda det var den italienske frottolaen som la grunnlaget for den klassiske madrigalen i Italia. Dei første madrigalane vart skrivne over tekster av Petrarca, og madrigalistane tok nytte av lydmåling for å understreke bodskapen i teksta. Frottolaen var ein homofon visetype, med klåre omkved. Med tida tok madrigalistane opp i seg meir polyfone drag, og vart meir kompliserte. Den verdslege songstilen spreidde seg med tida frå Italia til andre land, Frankrike, Spania, England og Tyskland. I kvart av desse landa møttest madrigalstilen med lokal folkeleg songstil, og nye nasjonale skoler vart skipa. Engelsk madrigaltradisjon vart særleg utvikla under dronning Elizabeth I, og i England fekk forma ein eigen svip. Elles vart lokale nemne nytta om madrigalane i dei ulike landa, Lied i Tyskland, Villancico i Spania og Chanson i Frankrike.

Andre helvta av 1500-talet endre

Etter 1550 og seinare vart madrigalen meir av ein offisiell kunstform, og dei italienske hoffa tinga komponistar til å skrive songar til høgtidelege høve. Det vart og meir vanleg å nytte instrumentalt følgje til songen, og opp mot 1600 vart dette meir regelen enn unntaket. I dette kan ein sjå kimen til den klassiske arien, og den første operaen, som var lite anna enn eit madrigalspel. I denne tida utvida madrigalistane og harmonikken sin. Gode døme er Claudio Monteverdi og Carlo Gesualdo.

Det vart skrive madrigalar langt inn på 1600-talet, og ein av dei siste store madrigalistane var engelskmannen Henry Purcell. Forma er teken opp att i vår tid, av nolevande komponistar. I dag er madrigaltradisjonen ein del av stamreportoaret i dei fleste kor i den vestlege verda.

Sjå elles Trecento-madrigal.